[Notisar]

Kristiania, den 21de Oktbr.
           
Præsident Sverdrup kom heimatt no um Maandagen. Ei Mengd med Folk møtte upp og helsad den folkekjære Føraren Vælkomen. Han takkad i faa og fagre Ord. Han vilde paa nytt taka upp Arbeidet, sagde han, og med Guds Hjelp skulde vaar Strid hava ein god Framgang. Folket helsad honom med jublande Hurrarop, glade yver aa sjaa honom att, og serleg glade, fordi han saag betre ut enn daa han foor. Maatte den gode Mannen faa mange, mange Arbeidsdager enno; det ynskjer og bed alt Norigs Land.
           
- So nær som Morgenbladet. Det helsad den gamle trufaste Fridomskjempa med ufyselig Raaskap og var seg sjølv likt. Det vyrder korkje Stordom elder Alderdom elder tung Liding; det hev berre sitt eiget arme Hat.   
           
 
Mats Andersen Trodalsstrand, som i 1839, daa han var 20 Aar gamall, drap ein Mann og difyr vart dømd av med Livet, men naada med livsvarigt Straffarbeid, er no sloppen fri.
 
           
Soso gjer dei i andre Land: I Upsala skal dei hava ei Minnestytta yver Skalden Geijer, og den læt dei utføra av den svenske Bilæthoggaren Börjeson.
 
           
Republikanaren David Dundas fraa Illinois er vald til Præsident Arthurs Ettermann som Formann i Senatet og Vise-Præsident. Han hadde 38 Røyster i Senatet, medan Motmannen, Demokraten Bayard, hadde 36.