Henrik Ibsen som "Intelligens-"Diktar.

[Del 1 av 3]
 
Dei store Tankarne, som bryt upp i ei Tid, fær altid fyrst Magt og Form hjaa dei store Mennerne i Tidi, og fraa dei gjeng dei so ut som Straalar fraa Ljos til Folket hellest. Og med dette gjeng det daa so, at dei av Folket, som er mest upplyste, tek Tankarne fyrst, og sidan sig dei nedetter og nedetter, til dess dei um hundrad elder tvo elder tri elder ti hundrad Aar alt etter som dei er store til _ hev naatt heilt ned i alle Lag, so at ingen lenger veit av annat, enn at desse Tankarne hev voret sanne og rette æveleg. Dei, som tek Tankarne sist, er altid dei, som er minst upplyste, elder som hev minst Vit, liksom det er dei største og mest gaaverike, som forstend Tankarne fyrst.
           
Aa vera stor, elder som me ofta kallar det med eit framandt Ord aa vera Geni, er i Grunnen ikkje annat enn dette aa hava denne Gaava, dette framsynte Augat, til aa sjaa og fata og eigna til seg spirande Tankar, so at Ein sidan paa einkvar Maaten kann leggja dei fram fyr andre. Det er, som rimelegt kann vera, den store Tenkjaren, som plar faa Tak paa Tanken fyrst. Han set daa og Tanken fram, men paa sin Maate, kanskje klaart nok, men gjerna kaldt og abstrakt, so at Folk ikkje hev lett for aa faa Tak paa han. Men so kjem den store Skalden. Han ser og forstend den Tanken, som Tenkjaren hev funnet, og han hev dessutan denne serskilde Gaava til aa setja Tanken fram so livande og varmt, at Folk forstend han og lærer aa elska han som ein fager Draum. Endeleg kjem den store Mannen, han, som for det fyrste ser Tanken slik som Tenkjaren -, og som for det andre elskar Tanken slik som Diktaren -, men som for det tredie hev den Gaava, som dei tvo andre ikkje hadde elder ialfall hadde for lite av, nemlig Gaava til aa faa Tanken sett i Verk elder innførd i Livet.
           
Ein Mann, som nok kann tenkja, men som ikkje hev dette Framsynet for nye Tankar, kann vera ein gaaverik, ein dugande, ein nyttig Tenkjar; men me kallar han ikkje stor. Ein Mann, som hev Diktargaavur, men som ikkje hev denne Sansen for det, som skal liva, som ikkje kjenner Tidstankarne banka i sitt Bryst, han kann vera ein gaaverik Diktar og ein god Diktar; - men me kallar han ikkje stor. Og me hev mange umissande gode og praktiske Menn, som gjer mykje til Gagns, og som Land og Folk og heile Verdi er stor Takk skyldige, men som endaa ikkje fær Namn av store, - fordi dei ikkje hev desse store Vyer, fordi dei ikkje hev dette frie og vide Framsyn.
           
Dersom dette er so og me tenkjer det skal kunna sannast, at so er det -, so vil me forstaa, kor umoglegt det i Grunnen er, at gamle og døyande Tankar kann skapa store Menn elder store Tenkjarar elder Diktarar. Det gamle hev i Grunnen ikkje Bruk for Flogvitet. Det hev Bruk for jamne, praktiske Arbeidsfolk; for det er eingong skipat og stellt, so det gjeng sin visse Gang; men ein stor Aand vilde berre gjera Skipl og Ugreida i dette Gongverket. Difor ser me og, at Morgenbladet i mange Aar berre hev gjort Narr av dei store Menn, desse Menn med Syner, desse Diktarar, som vilde vera med i Politikken; Morgenbladet forstend seg ikkje lenger paa, kva slike Folk skal brukast til. Og difor ser me like eins, at vaart norske Regjeringssystem meir og meir hev skilt ut ifraa seg alt, som der var Aand i, og meir og meir sankat til seg vanlege Kontormenn og Arbeidshestar. Det er det gamle, som held paa aa trenast, og som finn, at dei store Aandskrefter berre gjer Skipl og Ugreida i det Gongverket, som eingong er stellt og skipat. Desse Folk hev paa sin Maate Rett. Livet er so vist som Vinje vilde segja -, at det til kvar Tid avlar fram det, som det hev Bruk for, men kastar burt det, som det ikkje lenger kann gjera nokot med. Og liksom det gamle ikkje kann bruka det store, soleids kann det store helder ikkje finna Arbeid for seg i det gamle. Dei Menn her i Landet, som der hev voret nokot stort ved, elder som hev havt Aand elder Framsyn, - hev meir og meir skilt seg ut fraa det gamle Laget og teket Plass der, som der var Rom for dei og Arbeid aat dei: i Strævet for det nye.
           
Ein einaste Mann var her, som Ein ikkje kunde rekna med millom Kvardagsfolket, og som likevæl galdt for aa høyra med til dei gamle, og det var Henrik Ibsen.
           
Kor kunde no det hava seg, maatte Ein spyrja. Var den Loven, som me her uppe hev prøvt aa utvikla, ikkje sann? Elder kanskje skulde Ein tru, at Ibsen, so godt han enn skreiv, ikkje var nokon stor Diktar?
           
Det siste vilde væl dei færraste vera med paa. Iallfall vart Ibsen alstødt nemnt jamsides med Bjørnstjerne Bjørnson, og at han var stor, visste alle. Men tenkja seg ein stor Diktar, som livde og diktad paa utlivde Tankar, - det syntest endaa meir raadlaust.
           
- Sanningi var, at Ibsen aldri hev voret nokon Bakstrævarskald. Det gjeng, som me sidan skal sjaa, ikkje an aa rekna Ibsen med til dei rette Storskaldarne; men nokon Kvardagsdiktar hev han aldri voret. Og det var ikkje paa dei utlivde Tankarne her i Landet, at han diktad, slik som dei gamle og fleire med dei trudde.
           
Men der er Gradar i Storleiken som i alt annat. Stor i full Meining er berre den Skalden, som dei aalmenne historiske Framgangstankarne fær Liv hjaa; men der er mindre og enklare Tankar, Sertidstankar og Serfolkstankar, som ein Diktar kann skapa ei Dikting paa, naar han hev stor poetisk Kraft, og daa fær han og reknast med millom dei store, men til dei store av andre Rang. Han er ikkje Konge, men han høyrer likevæl til Stor-Adelen: han er Jarl elder Herse i Skalderiket. Det er ein slik Mann, Henrik Ibsen hev voret.
           
Henrik Ibsen hev skrivet eit Drama, som er nokot av det aandfullaste, Ein kan lesa; det heiter Kongsemnerne. Der hev han paa ein raakande Maate sjølv lagt denne Tanken fram. Hertug Skule vil vera Konge, og han hev store Gaavur til aa vera det. Han vert det tilslut og. Men han vantar ein Ting: han hev ikkje Kongstanken. Han kan hellest hava gode kongelege Tankar; men han hev ikkje Kongstanken, d. v. s.: den store, aalmenne historiske Framgangstanken liver ikkje i honom. Og difor vert han aldri den heile Kongen. Han er og vert den store Jarlen. Paa den Maaten hev det og voret med Ibsen.
           
For me maa her døma han etter det han hev skrivet. Og me dømer han som Diktar. Det kan henda, at han hev set dei store Tidstankarne; men desse hev daa iallfall ikkje fengje Liv i han, so han hev kunnat leggja dei fram for oss i Dikt. Han kann ha voret stor som Tenkjar. Men det, som han hev diktat fram for oss, det er ikkje Kongstanken i Tidi; det er ein Sertanke.
           
Henrik Ibsen hev som Diktar havt ein einaste historisk Tanke, som han hev elskat, og det var Heilstatsskandinavismen. For den hev han songet varmt og fagert gjenom mange Aar; for den song han ved alle Studentermøte, for den song han ved Norigs Tusundaarsfest, og det er den, som er det positive i Brand. Han hev aldri som Wergeland og Bjørnson songet for Fedreland, Folkefridom, Aandsfridom, Utvikling 1) ; han hev nemnt desse Tankerne, men dei hev ikkje voret diktande Liv i han; den Tanken, han hev livt paa, hev voret Draumen um Norden. Denne Tanken kunde vera fager. Men han hadde det Lyte, at det berre var ein Sertanke og at han var uhistorisk. Det var eit Framsyn, men samstundes eit Rangsyn. Difor kunde den same Tanken gripa Menn som Bjørnson og Vinje, men berre for ei Tid; for det var i like fram Meining ein Tids-Tanke. Andre og aalmennare Tankar fekk snart Magti hjaa fullt framsynte Menn; Ibsen derimot vart hangande fast i Sertanken. Alt det, som hende i Verdi, tydde han ut etter den elder i Samanheng med den, og dette stengde Utsyni for han. Og difor vart Diktningi hans arm og kald midt i sin Rikdom. Han hadde mange djupe og gode kongelige Tankar; men dei gjorde honom berre til Tvilar, liksom Skule vart Tvilar av sine Tankar; - Kongstanken var ikkje hans. Dette var Gaata ved Henrik Ibsen. Men det skal ingen fortelja oss, at ein Mann, som so trufast kunde elska og syngja um ein djerv Draum, endaa um dette ikkje var Historiedraumen, var ein Kvardagsdiktar elder ein av Tylvti.
           
Men dette, at han slik kom til aa hanga fast i en uhistorisk Sertanke, just dette var det som gjorde, at han kom til aa gjelda for Reaksjonsdiktar.
           
Det gjorde for det fyrste, at han ikkje brydde seg vidare um dei sanne Framgangstankarne, dei, som Reaksjonen hatad, og berre dette, at han tagde um desse Ting, gjorde, at Bakstrævet kunde lika han. Bakstrævet krev ikkje stort annat enn dette negative av ein Diktar. Men det gjorde dessutan nokot annat. Den Tanken, som Diktaren elskad, var ein Tanke, som det hadde Braahast med; - for so er det ofta med uhistoriske Tankar. For kvar Dag som gjekk paa den gamle Maaten, kom Ein lenger og lenger burt fraa det, Diktaren hadde drøymt; for kvar Dag vaks den sanne Historia, for kvar Dag vart dei tri Folki, som skulde støypast ihop, meir og meir nasjonalt sermerkte og nasjonalt sjølvmedvitne, og altso verre og verre aa faa ihopstøypte. Og no saag Diktaren, at Folket hans ikkje brydde seg um hans store Tanke. Dersom det brydde seg um nokot, so var det snarare um sitt eiget Sjølvstende, men ikkje um Norden. Dette gjorde, at Diktaren vart harm og arg. Han vart vond paa Folket sitt. Og dette gjorde, at han gav seg til aa piska og tukta det so godt han kunde, men i Sinne, so at Tukti snarare vart til Skjend. Dette hadde dei gamle her i Landet Bruk fyre. Det likad dei. Var det ikkje det same, Morgenbladet sjølv gjorde til kvar Dag, um enn ofta av reint andre Grunnar? Og kor godt var det ikkje aa hava ein Mann som Ibsen til aa hjelpa seg med dette, ein Diktar, som alle maatte segja var med dei beste, og ein so munnkvass Mann, at det rapad berre han tok til aa skjella! Jau, slik skulde dei hava det, desse raabarkede. Til slikt Nedrivings-Arbeid hadde dei Bruk for ein stor Diktar. Og paa den Maaten kom dei til aa tru, at han var som ein av dei. Mange andre trudde det same. Men dette var so langt ifraa sannt, at Ibsen sjølv eingong skal ha sagt, at det var ingen han vanvyrde meir enn just vaare gamle.
           
Me skal i Bøkerne hans fraa den Tidi finna meir ein eit Prov paa, at han ikkje høyrde Bakstrævet til. Var han enn som Diktar bunnen til ein uhistorisk Tanke, so var han likevæl Tenkjar nok til aa forstaa, at eit Folk ikkje kann halda paa og liva paa daude Tankar elder driva paa og staa.
                                              
( Meir.)
 
1) Me skriv her um Ibsen som Intelligensdiktar, altso um den gamle Ibsen; at han no er komen inn paa ei ny Leid, og at det daa kanskje vil springa nye Kjeldur i han, er ein Ting, som me ikkje her kann segja nokot um.
           
Individualismen elder Tanken um Einskildmannens Rett laag under i mest all Ibsens Diktning; men slik som Ibsen tok denne Tanken, vart det ikkje Framtids-, men Samtidstanken, Tidsaanden, og kunde ikke gløda Ibsen upp i Song elder i store Voner, men berre eggja han upp til Tenkjing og Spyrjing. Det var Utviklingstanken saman med dei nye Samfundstankarne, som daa tok til aa gry i Europa, og det var dei, som gav Skaldarne nytt Mod til aa syngja.