Byrokratarne vaare heime og ute.

Det er aalkjent, at Byrokratarne her heime prøver so godt dei kann aa halda uppe den Standsskilnaden, som alle frie Land for lengje sidan hev skilt seg av med elder arbeider for aa faa burt. Tilmed er det aalkjent, at ingjen Ting kan vera so stengjande for eit Folks Utvikling som netupp denne gamaldagse Skilnaden. Og det er i Grunnen den Skilnaden millom betre og mindre gode, som hev reist heile det politiske Uføret, som no ligg og rid det norske Folk og Land som ei Mara.
           
Men no skulde ein tenkja, at slik Smaadom og slikt vesalt Hjartelag for annat kann ein ikkje kalla slikt - laut kverva burt elder daa visst dyljast ned, naar desse høge Folk raakad Landsmenn i Utlandet.
           
Eg hev sjølv voret nokot ute i andre Land og millom Utlendingar. Altid fann eg, at Landsmenn, endaa um dei ikkje var kjende og stod jamnhøgt i Rang og Stand, fann seg best med at halda Lag. Men det var no væl ikkje det reine Byrokratiet, eg raakad daa, kann eg vita. Men det veit eg, at utanlandske Høgfolk, som eg raakad paa, var av same Meiningi, og fylgde den.
           
Men det norske Byrokratiet, det er nok seg sjølv likt baade heime og burte. Soleis veit eg eg hev nylig snakkat med ein, som hev fleire Aars Kjennskap til det -, at Samlag millom Nordmenn ikkje kann faa Framgong i utanlandske Storbyer, endaa i dei, som er mest søkte av Norske, av di at dei norske Storkararne, som held seg der, ikkje bryr seg um slikt. Rikssendemenn, reisande Embætsmenn og Grossistar kann og vil ikkje umgangast med Forretningsfolk, Kunstnarar og Arbeidarar. Dei hev med seg ifraa Heimen denne Skjoldpaddeskorpa, som me kjenner so vel, og denne Skorpa dreg dei med seg i Utlandet likso trutt som heime, - paa Vis som Snigjelen dreg Huset sitt med seg.
           
Det er syrgjelegt, men det er sannt, og den einaste Voni er, at Verdi snart vil vinna so langt fram, at alle Folk kann sjaa dette Ustellet og læ desse Sniglarne ut or Huset sitt. Og den Tidi er væl ikkje langt unda.
 
T. . .