Gutten og Eggi.

(Amerikansk.)
           
 
En Kryddehandlar sat svolten i Budi si og ventad paa, at Hjelparen hans, som hadde gjenget ut fyr aa faa seg Middag, skulde koma att, so han sjølv og kunde faa Mat. So kom det ein Gut inn i Budi med ei Korg i Handi og sa:
           
Eg saag ein Gut stela denne her fraa Budtroppi dykkar og laupa sin Veg, men eg sprang etter honom og reiv Korgi ifraa honom.
           
Du er visst ein ærleg Gut, du!
           
Ja, Herre.
           
Og du ser ut til aa vera ein god Gut i alle Maatar.
           
Ja, Herre.
           
Og gode Gutar bør faa si Løn. I ein Kasse bak Disken ligg der 8 Tjug Egg. Du kann taka deim med deg heim til Mamma di, og Korgi kann du hava.
           
Kryddekræmaren hadde havt desse Eggi liggjande i mange Vikur og mange Maanadar fyr aa gjeva deim til nokon, som var verd Gaava. Med di han gav ein god Gut Løn fyr Ærlegskapen hans, fekk han med det same burtført 8 Tjug rotne Egg utan Kostnad, og han lo so smaat med seg sjølv, daa han gjekk heim. Ettermiddagen gjekk, Notti kom og gjekk, og endaa ein Gong gjekk Kryddekræmaren ut fyr aa faa Middag. Daa han kom attende, laag eit lognt Smil yver Munnen hans. Daa han kom inn fekk han Auga paa ei Korg med 8 Tjug Egg, og han spurde Hjelparen sin:
           
Hev du kjøpt Egg?
           
Ja, eg kjøpte deim av ein Bondegut, svarad Bokhaldaren.
           
Ein halt Gut med blaa Huva?
           
Ja.
           
Tvo Framtenner burte?
           
Ja.
           
Kryddekræmaren sette seg til aa prøva Eggi. Skali var reinvaskad, men det var og det vart dei same Eggi, som den gode Guten hadde fengjet Dagen fyreaat, fordi han var so ærleg.