Rispur.

- Varhygd. Ein Politimann fær Juling og ropar til ein, som ser paa: Men kann De daa ikkje hjelpa meg!
           
Nei, det skal eg vel agta meg fyre. Eg hev ein Gong fyrr vortet straffad fyr Inngriping i Tenesteøving!
           
- Dei vilde gjerne vera med i Smausen, men ikkje i Gagnet. Det var i Belgia. Og det er ikkje lengje sidan helder. Det var Ein, som gjerne vilde verta vald til Thinget, men berre 29 røystad paa honom. Det var langtifraa nog, men Mannen var takksam fyr det Vesle, som var. Han skreiv eit Takkebrev til dei 29 og sende det til eit Blad. Brevet sluttad med desse Ord: Alle dei, som hev røystad paa meg, bed eg til Middag paa Thorsdag kjem Kl. 5. Thorsdagen kom, Klokka vart 5, og det møtte fram 4000 Veljarar.