Skal det altid vera slik?

Umkring i Landsbygdarne brukast den Skjikken aa lata Folk, som inkje kann forsyrgja seg sjølv, vanka ikring fraa Gard til Gard for aa faa Mat og Upphelde. Det kallast aa gaa paa Legd. Den Tidi, dei skal vera paa kvar Stad, vert tidast avgjord etter Skuldi paa Gardarne. Sometider vert det daa lenge, og sometider kort. Dei Stakkararne, som inkje hev gjort noko vondt, skal so gaa der fraa Hus til Hus og taka imot den Medferdi, dei kann faa; mangein Gong kjem dei til Folk, som knapt hev Mat til sin eigen Mund, og so kann ein vita, korleis Lægdemannen fær det. For kor klein ein Ting er, so er det no altid godt nok til Lægdefolket, maa vita. Naar so Tidi paa ein Stad er ute, so lyt Lægdemannen hell Lægdekona ut, anten Føre er so hell so. Berre det er slik, at Stakkaren ikkje nettupp døyr paa Vegen, so lyt han av Garde. Er det ikkje fælt aa fara slik med Folk? - for Lægdemennerne er daa Folk, dei og.
           
Kvar og ein kan tenkja med seg sjølv, kor vondt det kan vera aa trengja til andre; men endaa verre verdt det, naar Ein skal gaa slik som ei Bygdereka fraa Mann til Mann, endaa Ein veit, at Ein sjeldan og aldri er vælkomen. Mangein Gong er det ei Mor med ein heil Flok af Smaaborn med seg, som maa gaa slik. Stakkars ho, og stakkars dei smaa, som skal hava det paa denne Maaten; dei kann aldri læra nokot godt. Ingenstad vælkomne, og ingenstad vyrde, ofte vert dei endaa mottekne med Uvilje og med kalde Ord; - kva Slags Folk skal det verta av slike?
           
Kor er det med vaar Menneskekjærleik og Kristenkjærleik, naar me kann sjaa paa sovoret Stell med so kalde Hjarto? Vart det no so mykje dyrare aa fara med dei Fatige som Folk aa lata Borni deira faa ei skikkeleg Upplæring, so dei kunde verta til Nytte for Landet, istadenfor som det no tidt gjeng, at dei vert upplærde slik, at dei berre so fort dei kann kjem paa Fatigkassa att?
           
Her maa vera ein betre Maate aa stella det paa enn denne Lægsinstitusjonen?                     
 
G. Thortveit.