Stygt Sviksverk.

(Brev fraa Stavanger.)
 
Ein Mann i Høyland paa Jaren dreiv myket med Fehandel og Slagting. Han hadde no eit Bild halde seg til Metodistarne, ja hadde gjenget yver til dei, so Folk trudde han hadde det reint godt fyr seg.
           
No vert det fortalt, at han i Haust reiste inn i Ryfylke og helt Samlingar, og altimillom kaupte han Slagtefe, som han daa vilde reise til England med, og som han fyr det meste fekk borga, daa Folk trudde, at det var slik ein framifraa gild og gudeleg Mann, at hans Ord maatte væra so gode som Pengar. I Vals Sokn skal han soleis hava kaupt Krøter fyr 4000 Dalar, og paa dei hadde han betalt 350 Dalar. So reiste han til England med so mange som det var Rom til i Eimbaaten, selde dei og strauk til Amerika, og let dei godtruande Valsbuarne venta baade lengje og vel etter Resten av Pengarne. Daa dei so endeleg tok vonde Tankar, telegraferad dei etter honom til New York, og Ein fær vona, at han ikkje slepp ifraa slik Skarveferd, men at Folk fær sine Pengar att.
           
Aa bruka Bondens Gudstru til aa narra han paa slik Maate, det er skammelegt og stygt. Men paa den andre Sida hev Bønderne liti Æra av aa lata seg narra av slik ein framand Fekar, fyrdi um han gjeng med Guds-Ord i Munnen.
           
Og læt dei seg narra paa den Maaten av ein Fehandlar, naar han berre fær dei til aa tru, at han er ein gudeleg Mann, - kven kann so undrast paa, at dei stundom læt seg lura i andre Maatar av andre Folk, som nok og gjerna vil hava so mykje Pengar dei kann faa av Bondens Lomme, men som endaa meir legg seg etter aa vinna Magt yver han? - For desse Kararne hev nok i seinare Tid lagt seg etter aa vera gudelege.
 
-  h.