[Ein forfælende Eldebrand...]

Ein forfælende Eldebrand braut um Torsdagen ut i Ringteatret i Vien, just daa Spilet skulde taka til um Kvelden. Det store Teatret var fullt, der fannst ikkje ein Billet useld. Det var fram paa Senen Elden braut ut. Der var ein Duk (Teppe) av Jarn som skulde rullast ned i eit slikt Tilfelle, men Rulle-Maskina var i Ustand, og Duken kom ikkje ned, so paa ei liti Stund stod heile Bygningen i Loge. Dei Folk som var nede paa Golvet og i dei lægste Raderne slapp ut, men høgre uppe og mest i 4de Høgdi gjekk det øgjelegt til. Gasen vart avstengd, at han ikkje skulde nøra Elden, og Armingarne deruppe maatte kava seg fram i Myrkret paa Gangarne. Dei trengde seg fram og slog kvarandre i Koll; fleire kom til, so det vart liggjande heile Mukkor av Folk, som vart kvævde; dei fekk ikkje Luft. Daa det leid paa, fekk dei utanfor strekst ut eit Segl, noko upp fra Gata, som dei som fekk vita um det, kunde hoppa ned paa og paa den Maaten berga Livet. Men alt i allo 985 Menneskjer sette Livet til: av dei 600 som var uppe i 4de Høgdi, var det berre ein 20 elder so, som vart frelste.