[Notisar]

Kristiania, den 16de Desbr.
 
E. Sars og O. Skavlan skal paa Nyaaret gjeva ut eit Tidskrift, der politiske, sosiale og vitskaplege Spursmaal skal dryftast. Bjørnson, Ibsen og Kjelland skal vera med aa skriva.
 
           
I Sud-Upplandi (Buskeruds Amt) er skipa ein Venstreforening. I Styre er innvalde H. A. Berg, O. J. Sørum, Ivar Hauge, H. Gunheim, G. O. Hotvedt (Formann), N. Rothe, Fossum, C. A. Hormsrud.
 
           
Bladet Norge (fyrr P. C. Bjørnsgaards Blad) skal i denne Maanaden flytja til Stavanger. Vonleg skal det der koma ut fra same Trykkeriet som Stavangeren.
 
           
Laurits Holm i Vaaler (i Borgesysla), vart skyld for Mord paa ei Gjente Oline Kristiansdotter, som gjekk med Barn, og dei tenkte daa og L. Holm til aa vera Barnefaren. Han vart dømd baade av Underrett og Overrett, men i Høgsterett stod det 4 mot 4, men Formannen røysta for, at han skulde vera fri for Justitsens Tiltale, og soleis vart han daa fri, endaa 10 av Domararne, som dømde i Saki hans, sagde honom skuldig, og det berre var 5 (4 i Høgsterett og 1 i Overretten) som ikkje totte, at Mordet var provad.
 
           
Fernando Linderberg, som gjev ut det danske Folkebladet i Rønne paa Bornholm er saksøkt av Riksstyret, av di han hev skrive soleids:
           
Det er maaske en af det danske Folks største Svagheder, at vi endnu ikke har lært at skamme os over al den Mængde kronede Gjøgl og Humbug, under hvilket vi endnu fremdeles træller.