Fraa Laardal.

(Brev.) I No. 46 av Fedrh. skreiv Hr. T. O. um Heradsvalet fraa Laardal, og med det same fortalde han, at det finnst ikkje Høgrefolk i heile Heradet, so nær som N. Pedersen og dei fremminde. Men, Hr. T. O., eg fæler du skryter litevetta daa. Eg hev au eit lite Kjenskap til Folket i Laardal, ja eg tor segja ikkje so lite helder. Og Ein maa segja, at Mengdi er visseleg frilyndt; men at det ikkje skulde finnast Høgrefolk, annat enn dei ovanfor nemnde, - eg fæler det er drjugt sagt. Eg skal fortelja deg, um du ikkje veit det fyrr, at det ikkje er so lengje sidan (ikring ein Maanad, tenkjer eg), at eg saag Bodstikka vart haldi der, - og det var korkje hjaa N. Pedersen elder hjaa nokon av dei fremminde; det var hjaa ein Mann, som er fødd i Heradet.
           
Altso er her Høgrefolk likevæl! Ein annan Gong, naar du skriv og vil rosa Laardølerne for sitt Frilynde, bør du visst vega dine Ord nokot meir. For der er Maate med alt, sagde dei gamle, - Maate med det gode au!
 
Vinje i Novbr. 1881.
T. A.