"Kann ikkje".

Kongen kannikkje gjeva etter for Fleirtalet, segjer Fædrelandet. For Folket vilde ikkje hava godt av det, um han gav etter no.
           
Kongen veit altso betre, kva Folket hev godt av, enn Folket sjølv. Vi alene vide. Folket segjer: Me vil ikkje hava det absolute Veto! Men Kongen svarar: Jau, Smaagutar, de skal hava det; for de hev so godt av det. Vi alene vide!
           
Fædrelandet er nok ikkje komet lenger i Historia si enn til Fredrik den sette. Hankunde segja Vi alene vide, og alle laag paa Kne og lagde Henderne ihop og trudde det. Fædrl. ligg enno paa Kne og trur, og kann ikkje faa inn i sitt Hovud annat, enn at alle andre og maa tru. Det er fagert og barnslegt, men det er ikkje klokt.
           
For det fyrste er Fredrik den sette daud, og Tidi hans for det meste med.
Og for det andre er det Høgbrot aa segja, at Kongen ikkje kanngjera sin konstitusjonelle Skyldnad.
           
Fædrelandet skulde sjaa til aa faa lært det eingong, at ei Kongemagt, som gjer Motstand mot Folkets tydelegt og lovlegt framsette Vilje, - den Kongemagti er ikkje konstitusjonell. Vil Fædrelandet segja, at me hev ei Kongemagt, som ikkje kann bøygja seg for Folkeviljen, so segjer Fædrelandet med det same, at Kongemagti vaar er ukonstitusjonell, at ho hev brotet sin Eid til Norigs Grunnlov, og at ho altso ikkje lenger hev Rett til aa sitja paa Norigs Kongestol. Folket vil etter dette ikkje aaleine hava Rett til, men vera skyldigttil aa avsetja Bernadotte-Huset og velja seg ein ny Konge eller gjera seg til Republik. So mykje ligg der i dette Ordet, at Kongemagti ikkje kann gjeva etter for Folkets Fleirtal. Fædrl. skulde altso agta seg for aa bruka slike Ord.
           
Og endeleg burde Fædrl. hugsa, at det gjeld for Kongar som for andre Folk, at det, dei ikkje kann, - det lyt dei for det meste læra.