Ei Etterskrift.

Det spøkjer i Departementskontori, som me veit. Alleslags daude Former og daude Tankar gjeng att der som Drauger og Skrymt, og stundom viser dei seg jamvel midt paa ljose Dagen.
           
Den naadigste hev no endeleg og vortet ein Departementsdraug, liksom den stormegtigste og andre slike. Ei Stund var det so, at Kongen var naadigst baade her og der. Men stormegtigst var han berre i Departementsbygningarne. Hyss! Kongen er stormegtigst; men alt endeleg ingen faa vita det! Kongen er stormegtigst; men lat det bli millom oss! Det kunde vera leidt for den stormegtigste, um Folk fekk vita um hans Stormagt. Men naadigst var han allestader. Endaa i Storthinget vankad han jamt, endaa dei der berre heldt paa han paa same maaten som Ein held paa ein gamal Uvane.
           
Men no er det slut. No er den naadigste full Departementsdraug. Han fær gaa deruppe og tusla, so lengje til han vert leid, og liva so godt han kann av Dumma og innestengd Luft liksom dei andre. Fred vere med han!
           
- At Kongen var naadigst, det skulde hellest, um me forstod Mikkel Birkeland rett, segja so mykje som so, at liksom han hadde Rett til aa lata dauddømde Kjeltringar liva, naar han so syntest, soleis . . . soleis leet han oss ogso liva og hava Fridom, endaa me ikkje sjølve hadde fortent det. Departementsekararne maa i Grunnen altso tru, at dei er slike Pelsar, som med Retten ikkje burde vera til, naar dei er so ivrige til aa paakalla den naadigste. Storthinget derimot hev endeleg komet etter, at det kann hava likso god Rett til aa vera til som Kongen, so at det altso ikkje lenger vil byggja sitt Liv paa denne Manns Naade. Det vil halda seg til sin ærlege Rett. - -
           
Men at Kongen er stormegtigst, det maa etter alt det me kann forstaa, segja, at han er Konge yver dei Goter og Vender.
           
For baade i Norig og i Sverig er Kongen indskrænket, so der kann han ikkje vera stormegtigst. Men yver dei Goter og Vender raader han visst med alt det Einvelde, som Ein kann tenkja seg, og der vert han altso so stormegtig som han sjølv vil. -
           
Det kann vera rimelegt nok, at dei ikkje bryr seg um aa snakka um denne Stormagti, av di at ingen enno veit, kor dei Goters og Vender Rike ligg. Korkje Nordenskjøld elder Stanley veit nokot um det. Og det stend ikkje paa nokot Kart yver dei fem kjende Jordbolkarne Evropa, Asia, Afrika, Amerika og Australia elder Ny-Holland. Men til Departementsdraug er den stormegtigste god nok. Meir enn god nok! Den stormegtigste og den naadigste, den naadigste og den stormegtigste, - det maa just vera eit høvelegt Par. Fred vere med dei baae! Gjev dei maa verta so gamle som Ministeriet Selmer! - Men berre i Departementsbygningarne. Millom livande Folk vil me ikkje sjaa dei.