[Högre...]

Högrehev klistrat upp paa Annonsesularne elder Lysingspaalarne eit Upprop til Kristiania Veljarar. I dette Upp-ropet finn me eit sannt Ord. Dette eine sanne Ordet, denne sjeldsynte Perla i eit Høgre-Upprop, - lyder so;
           
Grunnloven af 17de Mai.
           
No hev Grunnloven vortet av 17de Mai! Er det ikkje forunderlegt?
           
Dei hev i alle sine Blad forkynnt, og dei hev lagat ei Novemberforeining for aa faa banka inn i Folk, at Grunnloven var av 4de November. Den 17de Mai, Fridoms- og Sjølvstende-Dagen, den skulde gløymast og fornegtast; den 4de November var vaar sanne Fridomsdag; for daa vart Grunnloven gjeven under svenske Vaapen, og sanksjonerad av den svenske Kongen etter Kielertraktaten, og difor . . . difor hadde Kongen absolut Veto!
           
No hev Grunnloven vortet av 17de Mai. Vinstremennerne hev havt Rett, Morgenbladet, Fædrelandet og Novembermennerne hev havt Urett; Veljarar av Kristiania! legg Merke til det: Grunnloven er av 17de Mai. Grunnloven er av 17de Mai! og difor . . . difor hev Kongen ikkje absolut Veto!
           
Upp-ropet paa Lysingspaalarne er Gull verdt. Det inneheld eit sannt Ord, - og det eine Ordet vil brenna Hol paa heile den Veven av Lygn, som det er sveipt i. Veljarar av Kristiania! upp til Forsvar for Grunnloven av 17de Mai! Men gjer det lik, at de ikkje sidan skal trega det!
           
- For de maa ikkje gløyma, at so snart Valdagen er yver, og Høgre hev vunnet, so vil Høgrebladi og Novembermennerne paanytt forkynna, at Grunloven er av 4de November.