[Vinstremennerne i Kristiania...]

Vinstremennerne i Kristiania arbeider for, at Hovudstaden kann faa Thingmenn, som han kann vera tent med, Thingmenn, som kunde faa nokot fram på Stortkinget.
           
Men Kongen i Vollgata lær aat dei. Kongen i Vollgata kjenner sine Folk. Han hev aldri set annat, enn at naar det kom til Stykket, so gjekk Vinstre kvar til sin Kant, elder møtte ikkje upp, og so marserad Embættsminoriteten fram og vann Slaget som ingen Ting. Og som det hev gjenget fyrr, so gjeng det væl heretter og, tenkjer Kongen i Vollgata.
           
Ja, - so fær me daa sjaa, um han skal hava Rett æveleg. Er Kristiania den same Smaabyen, som han hev voret, elder hev Kristiania vakset, - det skal no visa seg. Me vilde ynskja, at han hadde vakset; for det er ei Skam for Landet aa hava ein Smaaby til Hovudstad. Det er ein Skam for Landet aa hava ein Hovudstad, som er so liten, at han læt seg styra av ein Bjørnholt-Figur, - ein Hovudstad, som med Retten burde heita Frielebyen.