Eit Vælstandshus.

(Fraa Politiretten i Paris.)
           
Etter Jules Moineaux.      
 
Betre aa vekkja Ovund enn Ynk, segjer eit gamalt Ord, og det var kanskje denne Sanningi, som gjorde, at Savourin gjerne vilde gjelda for ein halden Mann og ikkje brydde seg um, at heile Grannelaget skulde hava so god Greida paa Bui hans, som Laanekontoret hadde. Kanskje det attaat var for aa faa Dotter si snarare gift.
           
Gamle Savourin, sagde Folk, naa, han fer ikkje med store Ord, men han hev Skillingarne, han er Dørvaktar i eit godt Hus og sit dessutan all Dagen og arbeider Sko; ikkje hev han nokot Kvinnfolk til aa øydeleggja seg, for han er Enkjemann; Son hans er komen godt i Veg, han er Maalarsvein, og Dotteri Athenaïs, ho driv og vaskar for Folk; ho er ikkje nokot daarlegt Gifte aa faa for ein Arbeidsmann, som vil setja Hus!
           
Og so hende det, at ein ung Parykmakar, som hadde sett seg til med ein Verkstad rett imot Huset aat Savourin, kom ein god Dag og baud seg fram til Athenaïs. Jau, alt gjekk godt og væl, og Brudlaupet var alt avtalat. Men so kom der nokot i Vegen, - nokot, som førde baade Athenaïs og Far hennar og Bror hennar for Politiretten; for dei hadde bankat den fordoms Brudgomen, skulde verta, upp, - den fordoms; for millom dei elskande var alt ute.
 
Hr. Domar, sagde Parykmakaren, denne Savourin her, han likar nok aa apa seg Vælstandsmann; men han er ein gamal Noksagt, som ikkje eig det Grand
           
Domaren: Vil De ikkje prøva aa finna litt smakfullare Uttrykk.
           
Klagaren: No skal De høyra heile Soga. Fyrr me skulde hava Brudlaup, eg og denne unge Dama her, snakkad ho altid um, at ho elskad meg; men eg fekk kjenna Kjærleiken, eg, - den Havkatta! Naa, eg var komen i Beit for eit Par 20-Frank-Stykke, for eg skulde kjøpa eit og annat til Brudlaupet; og so segjer eg til meg sjølv: du hev ein god Verfar, det er ingi Skam, um du laanar die Skillingarne av honom! Dermed gjeng eg burttil han og slær utum litt um desse 40 Frank. Han stend og glor eit Bil, so segjer han: Hm! 40 Frank! - naa, so maa eg taka ut nokre Pengar i Banken . . . kom att i Morgo, so skal du faa dei. Det er godt! segjer eg daa; men det sagde eg ikkje 24 Timar seinare. No skal De høyra. Ser De, heile dette Huset er eit reint Etarbøle; alt det dei tenar, gjeng i dei; den Magen, det er ein Innbunad, som eg vaagar kostar dei ikkje so lite fraa Aar til annat aa halda istand. Alt dette her hev eg fengje visst etterpaa; men no vilde eg helst forklara det med det same.
           
Domaren: Det kann vera bra nok; men vil De ikkje helder halda Dykk til Saki.
           
Klagaren: Gamle Savourin gjeng so til Dotter si og segjer: Høyr, Gjenta mi, kann du laana meg 40 Frank? Athenaïs hadde ikkje Pengar, kann De vita, men det brydde ho seg ikkje um aa segja til Far sin, og so svarar ho nokso kaut: Jau! du skal faa dei i Morgo. Dermed gjeng ho til Bror sin og spør, um han kunde laana henne 40 Frank. Han er no og ein Matkrok, men han segjer som so: Du skal faa dei i Kveld. Og so gjeng han til meg. Høyr, Verbror, segjer han, du skulde ikkje hava 40 Frank aa laana meg? Nei, det er raadlaust, segjer eg. Men berre for eit Par Dagar! segjer han. Ja, er det berre for eit Par Dagar, segjer eg, so kann du faa dei i Morgo; du kann finna meg burthjaa den Gamle, der skal du faa dei, segjer eg; for eg vilde ikkje han skulde segja eg var vrang. Dagen etter gjeng eg burt-til gamle Savourin, og der finn eg Athenaïs, og strakst som eg var komen, so kjem Bror hennar og. So tek eg Verfar min til Sides og kviskrar: Hev du dei 40 Frank? Strakst! segjer han, tek Dotteri til Sides og segjer: Athenaïs, gjev meg dei 40 Frank. Jadaa! segjer ho og tek Bror sin til Sides: Hev du dei 40 Frank? segjer ho; og so tek han meg til Sides og spør: Hev du dei 40 Frank? -
           
Domaren: Ja, men Julingi? Kor vert det av Julingi?
           
Klagaren: No kjem ho. For daa eg forstod, kva for Folk det var, eg var komen i Lag med, so sagde eg Takk for Dotteri og slog upp med ein Gong, og dermed so tok deipaa meg alle tri.
           
Domaren: Lat oss so høyra Vitni.
           
- Det vart fullprovat, at Klagaren sagde sannt i den Saki, og so fekk Savourin, den gamle og den unge, kvar Fengsel i 6 Dagar, og Athenaïs maatte bøta 50 Frank.