Hardt aa halda ut!

Enno i tri Aar maa me venta, segjer Morgenbladet til sine Trufaste; enno i tri Aar maa me vera taalmodige; men daa daa!
           
- Ja, men du lovad oss so trygt - ! jamrar dei trufaste.
           
Kann ikkje hjelpa det, svarar Morgenbladet; me hev gjort det beste me kunde, men det nyttad ikkje.
           
Ikkje Truntalen eingong?
           
Ikkje Truntalen eingong.
           
Ja men kva hev De so att til næste Gong? Kva vil De bruka daa, naar ikkje eingong Truntalen nyttad?
           
Det fær me tenkja paa til daa. Berre ver taalmodige . . .
           
Ja, men det hev du sagt so lengje! Tolmodige, sejger eg! Elder er ikkje eg Morgenbladet?
           
Jau, jau, du er Morgenbladet.
           
- Og so legg Høgre seg til aa suga paa Labben til næste Gong.