Kongeløni i Sverig. 1)

Umframt den Løni, som Kongehuset fær av Norig, hev det av Sverig slike Innkomur, som her kjem:
                                                            Krunur.
I.  Kongens Hoffhald . . . . .                                     800,000
    Krunprinsen . . . . . . . .                                       180,000
    Handpenningar til Krunprinsessa:  . . . . . . . .     12,000 
     Prinsesse Therese . . . . .                                   28,000    
Do.    Eugenie . . . . .                                              18,000  
     Til Innbunad i Slottet . .                                     56,400        
     Hoff-Stallen . . . . . . . . .                                    45,000 
     Politi, Ljos og Reinhald til Slottet og Prinsegarden 22,500     
     Rosersbergs Slott . . . . .                                    3,000 
     Ved og Kol til Hoffet . . .                                    50,000 
     Reparasjonar av Slottet og  andre Hoffbygningar  63,000   
     Brandvæsen m. m.   . . . .                                  11,250 
     Drottningholms og Svartsjø Slott . . . . . . . . .         24,600
     Gripsholms Slott . . . . . .                                       5,000
     Ulriksdals Slott . . . . .                                           8,250 
     Haga Lystslott . . . . . .                                          8000 
     Strømsholms Slott . . .                                           3,000 
                                                                            Kr. 1,330,000   Krunur.
 
II.  Av Riksgäldskontoret hev 
      Kongen dessutan aarlegt         300,000
                 Ialt -   Kr. 1,630,000
 
Dessutan er Kongehuset fritt for Skatt og Toll; og skulde ein setja i Pengar alt det Krutet, som kvart Aar vert burtskotet paa kongelege Namne-og Fødselsdagar osfr., so vilde det og  verta ein Slump Pengar. Endeleg hev Kongehuset Innkomur av burtleigde Rom i visse Slottsbygningar, soleis av ein Kjeldar under Slottskyrkja, hvarest idkas handel med spirituosa.
           
Til større Istandsetjingar av Slottsbygningar og dilikt fær Kongen Pengar umframt. I 1823 fekk han Pengar til Umbygning av Lejonbacken, i 1829 fekk han 180,000 Kr. meir til det same, og i 1859-60 fekk han 51,650 Kr. til Slottsreparasjonar. Aat Kongehuset hev Staten kostat 8 kongelege Jarnvegsvogner til ein Pris av yver 100,000 Krunur.
           
Skal ein Prins elder ei Prinsessa gifta seg, betalar Staten Brudegaavur, Heimanfylgje o. m.; vert ein Konge krynd, eit Barn døypt, eit Lik gravsett, betalar Staten likeeins serskilt. Her er ei Lista yver slike og liknande Utgifter: 
 
                                                                                    Krunur. 
Karl Johan, krynd 1818 . .                                             225,000
Dronningi hans, krynd 1829                                           47,000       
Oskar I og Dronning kr. 1845 . . . . . . . . . . .                   68,000  
Karl XV og Dronning kr. 1859 . . . . . . . . . . .                 167,000
Oskar II og Dronning, kr. 1873 . . . . . . . . . . .               (Summen ukjend.)       
Prins Oskar i 1815 til Hoffhald . . . . . . . . . . .               80,000       
Prins Oskar til Friarferd og Truloving: . . . . . . . .            900,000      
Krunprins Karl til Busetjing                                           242,000  
Prins Oskar II til Do., m. m. . . . . . . . . . . .                  246,000     
Prins August ved hans Truloving . . . . . . . . . . .              (Summen   ukjend.)         
Prinsesse Lovisa, Brudegaava . . . . . . . . . . .                   198,000      
Karl Johan gravsett 1844 .                                              218,000   
Prins Gustav do.    . . . .                                             (Summen  ukjend.) 
Oskar I,      do.  1859.                                                   136,000
Dronning Desideria, Dr. Lovisa, Carl XV, Prins August gravsette . . . . . (Summarne ukjende.)
Enkjedronning Josefine gravsett . . . . . . . . . . . . .             62,000
Til Betaling av Gjeld fekk Karl XV . . . . . . . . .                 1,100,000.
           
Til Pensjonar aat Tenarar hjaa kongelege Personar er av Staten betalt ikkje so litet, visst fleire Millionar Krunur. 
 
           
Um Karl Johan er det upplyst 2) , at han brukad 300,000 Kr. um Aaret til sine Utgifter; Resten, ikr. Kr. 1,200,000, lagde han upp.  Kr. 1,200,000 aarleg i 20 Aar, - det vert ein liten pen rund Sum i privat Eigendom.
           
Gjenom sine store Innkomur kann dei konstitusjonelle Kongarne, liksom dei einveldige, samla seg uhorvelege Rikdomar, som dei daa kann bruka til kva dei vil, millom annat til eit Ovliv, som kann verta til Ulivnad, og som tek seg underlegt ut i Likning med den Armod og dei sure Vilkaar, som Folket so ofta maa lida under, - Folket, som maa føda baade seg sjølv og Kongehuset.
 
Til aa gjera Hoff-Tenest hev Oskar II ein Hoffstat paa i alt 143 Mann (svenska Statskalenderen for 1879).  Dei høgste av desse er:    
            1 Riksmarskalk,
            1 Øfverstekammarherre,
            1 Øfverhofstallmästare,  
            1 Øfverhofjägmästare,      
            3 Øfverstekammarjunkare,
            1 første Hoffmarskalk,
            1 første Hoffstallmästare,
            1 Chef för Hofförvaltningen,
            1 Øfverceremonimästare,
            5 Kabinettskammarherrar,
            1 Ceremonimästare,
            2 Vice Ceremonimästare,
            4 Kammarjunkare
            1 Kammarpage,
            1 Kammartjenare,
          20 Prestar (1 Øfverhofpredikant, 6
               ordinarie og 11 extraordinarie
            hofpredikanter samt 2 andra  
            prestar);
            4 Dokterar,
            6 (Slotts-)Stathållare,
            2 Slottsintendanter,
osfr. osfr. Dessutan hev Kongen sin norske Hoffstat.
           
Dronningi hev ein Hoffstat paa 15 Mann: 1 öfverhofmästarinna, 1 kammarfröken, 2 hoffrökknar, 1 öfverkammarherre, 6 kammarherrar, 1 läkare, 1 kammarpage, 1 kammarfru, 1 kammartjenare.
           
Dessutan er der fleire serskilde mindre Hoffstatar for andre kongelege Personar, 248 tjenestfria HoffTenestmenn og 6 Hoffstatar etter fraafallne Kongar osfr. Ialt kann det svenske Hoffet rekna 450 Tenestemenn, - umframt Tenarar og Tenestgjentur av laagare Slag, Klokkar, Gjentur og Drengjer.
           
I Hoffstallen finst ikring 118 Hestar.
 
 
1) Envälde och folkvälde af Alexander Nilsson, V. Heradshøfding. Første Delen. Stockholm 1881. Pris 3 Kr. 
 
2) Ur svenska hofvets och aristokratiers liv af A. Ahnfeldt, Norrkøping 1880.