Til Bjørnstjerne Bjørnson.

Daa nyleg Du sat paa Aulestad
Og Jubelfest-Hornet drakk,
Det sat ein Gut her i Vesten glad
Og sende deg bljugt sin Takk.
Langt yver Hav, gjenom Skodd og Vind,
hans Tankar som Fuglar for;
Eg veit, dei flokkad seg til deg inn,
Men, stakkar, dei aatte kje Ord.
 
Dei sviv der enno. Og no eg lyt
Freista aa gjeva dei Ord;
Um jamvel min Pegasus-Rygg eg bryt,
So verdt ikkje Skaden stor.
Men takka lyt eg, som best eg kann,
For det Du meg serleg gav.
Di meir eg las deg, di meir eg vann;
Ein Vinst, som aldri tek av.
 
Til Ørneredet eg klauv og kleiv,
Med Sol og med Graat paa Kinn;
Med vesle Øyvind eg sveiv og dreiv
Og tenkte paa Bukken min.
Eg slogst so det dunad i Husabygard
For Thore den gjæve Gut.
Eg rodde i Baaten med Thrond og var Far.
Med Arne vilde eg ut.
 
Eg minnest, eg tenkte so jamleg paa
Kor godt eg Ditt Verk forstod;
Men Grunnen den djupe, Du murad paa,
Den skjynar eg fyrste no, -
No daa Du Trollheimens rustne Dør
River paa Vegg med Brak,
Og piskar Draugar med Vetoklør
At standa for Sol og Dag.
 
Guten, som sjanglad sin Treskogong
Med Haarluggen dinglande ned,
Han syng no so trygt din Heimlandssong
Og veit han er Menneskje med.
Difyr, so vel som Nokon, kann
Du takkast i Bondemaal;
Jernmyrja som Du hjaa Bonden fann,
Den smidde Du um til Staal.
 
Takk, Takk for Alt! Til Din Heidersdag
Kjem dette nok altfor seint
Og reint ufestlegt i Ordalag,
Men trufast og ærlegt meint.
Og naar eg vankar tenkjande her
Paa Heim og paa Heimegrend, -
Stendugt Din Song eg i Hugen ber;
Norig liver i den.
           
Jowa, Aug. 1882.