Valet i Vinje (Brev).

Bed og arbeid - ikke blot bed! gode Fædreland: og forsikrar deg: Dine Folk hava daa visst arbeidt. Dei gjorde det dei kunde, so at naar dei rauk i Valet idag, so var det inkje av Letingskap.
           
Her var eit politisk Møte og Prøveval Sundag den 24 September, og der møtte Høgre vælbudde fram og talad si sak. Med underhaand hava dei gjort meir. Ein sende Brev utyver til ymse Folk baade her i Soknet og til Grannesoknet (Rauland), og hellest tok han Folk fyri seg paa Einmæle baade paa Tinget og paa Valdagen. Ein annan hadde ei Liste (Gud veit, kot ho gjekk ut paa), som han trygla Folk til aa teikna Navnet sit paa osb. Her var som sagt Valmansval idag. Her er 105 røysterettuge 78 røystad. Vinstres Valmenner Olav T. Nestestog og Augund S. Sunde fekk 54 og 53 Røyster, og Høgre S. Bjørnson og O. Fetveit - fekk 22 og 20. Tvo tri Røyster gjekk imist.
           
Vinjes 4 Oktober 1882.
Aslak Haugen.