[Morgenbladet hev havt det leidt i desse Tider.]

Morgenbladet hev havt det leidt i desse Tider. Denne Marcellus-Greida hev voret eit sleimt Strik aat dei. Dei hadde det fyrr i so go Gang plent som dei vilde det. Dei hadde fenget denne gamle Professoren Monrad til aa leika so linnt inn paa ymse Ting; det var nok for sume, men det var au, so dei kunde vrida seg unda for andre. Nok var det daa aa setja ein Støkk i Folk for, at det var noko i Gjerdom i Dulheimen; dei kunde faa Folk uppøste, faa narra dei til aa forlaupa seg. Og gjorde dei so det, so kunde dei synast hava Grunn til aa driva Innpaaleikingi meir fram og føra det ut i det openberre. Men no, som dei tenkte Løynde-Spilet var i beste Gonga, kjem denne Marcellus-slarven busande so hugheil og trygg, daa han tykkjest hava fast Grunn for seg i Morgenbladets Politik.
           
Hadde endaa inkje Sars og Meidell komet med sitt bestemte Forlangende, som Morgenbladet tregar seg so leidskleg yver _ so hadde Marcellus voret gløymt med det same, segjer Bladet, og daa hadde det kunna spila Blindleiken sin so tryggt lenger. Sjaa her det vonde Samvitet, det gjer sjølve Morgenbladskaren meir baate ærleg og dum, enn du kunde tru um slik ein.
           
Bladet heldt seg lenge, det tenkte det kunde tegja Saki ihel. Men nei det gjekk inkje. Og det som verst var, skikkelege Blad med slog seg laus, det snilde Fædrelandet, aa ja den trugne Aftenposten au.
           
Marcellus hev vortet ein Støytestein no, som ingen kann komaifraa, uta aa gjera Papiri sine fullklaare. Men Morgenbladet kann ikkje koma ifraa det, so maa dei taka til aa grina, for dei kann inkje graata meir.
           
Han fær væl sitt paa ei Vis Marcellus au, den Vitløysingen, segjer dei, koma med slikt no, hev me inkje nok aa greida lel.
           
Men dei vaagar alt freista nytta honom til sitt eiget Fyremaal likevæl, aa faa denne Rørsla au vavd ihop med sine eigne Raaer.
           
Naar Stakaren er sinna, veit du, fær Stogedøri Smellen. Det er so du maa lægja.
           
I tie Dagar hev dei furta og voret or seg sjølve, og snakka att og fram berre um ymse Ting, um, at skulde norske Menn blanda seg inn i svenske Skrifter, so maatte dei au venta, at svenske Menn kunde blanda seg inn i vaart, og daa hadde no slike som Qvam og Bjørnson lotet til for lenge sida. Marcellus hev dei haldet seg utum so mykje det var Raa. Pyt det daa, segjer dei, det er ingen Ting! Aa nei det er væl so det! Æra er det, som er lettast aa sleppa for sume, men for andre er ho det kjæraste aa eiga, dei som held ho i Verd.
           
Morgenbladet hev eit lett Sinn, dei fær vridet seg ut av sitt vonde Samvit paa so lettvinnt ein Maate, at du stussar, du veit inkje anten du skal kalla det styggt hell stort. Dei gjer det beint fram soleids, at dei vender alt det, som tyngjer dei sjølve, yver paa andre og det uta aa blinka med Augo ein Gong, dei er trygge i Maaten sin, dei veit dei talar til truande, der det inkje finst Tanke um nokon Svik. Sjaa no: dette vonde Samvitet, segjer dei, og vonde Tankar og Ufreds-Raaer, som no er paa Tale, det er naturleg dei radikale som hev dei og ingen annan; med det er Sveiven gjord, med det er dei frie, og Folk er litne og nøgde; so fær dei Tilføre til straks aa taka upp att Preikurne fraa fyrr, som um ingen Ting var.
           
Statskup og slikt stygt likar dei aa leika med, det er den einaste Trugsla dei hev att no. Men dei maa vera varsame med det au. Folk er so støduge endaa, at dei inkje kann leika med sovorne Ting, dei krossar seg for slikt som for Sott og Mord. So maa dei laast hava Grunn for Uvyrdskapen sin. Naar Trykket bliver for stort, stod det, daa fyst kann det verta Tanke paa slikt. Dei treng hava eit slikt Trykk aa støa Ryggen sin mot, skal dei leika fritt. Finnst det inkje fyrr, so maa det lagast. Fyrst hjelper det daa til aa leggja ein Grunn, aa faa ihop noko, som Folk kann verta uppøste for, so brukar det Uppøsingi igjen til hugheilt aa taka eit Stig lenger, og naar so Folk vert fælne yver det att, so peikar dei paa dette og klagar yver, kor fælt de slette Instinkter i Folket nu om Tider er i Aande, kva Raa skal ein finna paa mot slikt, det vert berre verre og verre. Daa hev det fritt Umryme ei god Tid igjen.
           
Paa denne Maaten au med Marcellus. Naar no Folk hev vortet harme yver slikt, so spyr det: Er det inkje fælt med alt Staaket no for ingen Ting! So segjer det: Man vil skjærpe Nationens Mistanke til sin Styrelse, stille denne i et urigtigt Lys og saa under Paaskud af, at man selv vil værge sig mod Overgreb, søge at bearbeide Stemningen saaledes, at den kan bifalde mulige Yderligheder. Eg trur sanneleg dei vil vaaga paa aa freista aa faa Folk til aa tru, at me vil gjera Revolution hell slikt noko. Og fær dei den Trui fastprenta, so torer dei baate truga med alt og gjera alt, for kva dei so finn paa daa, so kann dei hava det Paaskud, at dei selv vil værge sig mod Overgreb. Daa kann dei trygt søge at bearbeide Stemningen saaledes, at den kan bifalde mulige Yderligheder.
           
Jau det er rett gode Gutar!