[Norske Songar.]

Norske songar. I. Utgjevne av Ingvar Bøhn. Pris 0,10 hjaa Utgjevaren Foldbu. Han segjer i Fyreordet:
           
Dei sökjer vist inkje um nokon rang, som dikt, desse visorne; berre einaste vilde dei _um dei kunde _ vera örlite til hjelp for folkesongen. _ Dei 8 er berre umsette frå dansk, etter Grundtvig, Hauch, Weksels, Ingemann, Elster, I. L. Eg veit vel, de kan vera mykje å segja imot slik umsetjing; og eg heve sjölv den visse von, at den ti skal koma, når de inkje trengst. Men de vil vera vandt for nokon å neita, at de finst mange bygder i vårt land, der visor på dansk seint skulde vinna inngang. Og eg trur no endåtil de, at ei visa på norsk, lat vera ho er nokolite mindre væn, kan kanske hjelpa folkje lenger frma til å skyna vænleik i dikt, en ei visa på dansk, som i seg sjölv er bere. _ Av dei 5 tonarne baki er dei 4 folketonar, den fyrste frå Øyer, den fjore frå Sætisdal, den siste frå Bærum; den andre er etter Ldst. flkv.
           
Det er godt, at nokon endaa au tenkjer paa aa gjeva Folk noko aa syngja. Dei tykkjest aa bry seg so lite um det no Stordiktararne vaare. Dei fer jamnast berre fram etter sin eigen Hug og tenkjer for lite paa Folk uppe i Dalarne. Difor vert det au mange Stader som ein Stur paa Songen no mot fyrr. Men kvi skal ein inkje syngja? Naar Soli kjem igjen og Dagen vert ljos, daa vert det Trong etter aa syngja. Desse smaae einfengde Visurne er visst laga etter Folks Torv, han tykkjest hava Grip paa det. Eg trur, dei kjem til aa bli sungne, som det er au meint paa med det.
           
Naar han umset, umset han ikkje Ordi einast, men Versemaalet ogso, der det er framandt, Stevlaget brukar han soleids mykje, og det er rett, for det er stundom, det er Versingi likeso mykje som Ordi og Tankarne, som gjer, at Folk inkje kann faa Tak paa Songen.
           
Det er 17 Songar, 32 Sidur ialt, so Boki er overs billeg, men so er ho hell inkje utstyrt, som Gyldendahl kunde gjort det, men so hadde han au gjort ho 10 Gong so dyr. _ Set ein ei Knappenaal i Ryggen paa ho, so held ho væl denne au ut si Tid. For Skulmeistrar maa ho vera lagleg til aa gjeva Borni; dei fær ho for 0,07, naar ein tek so mykje som 26 Stykkje.
           
For kvar ny Bok, som kjem ut paa Norsk, um ho au er liti, so vert det daa ein Mun gjort, og dei smaae kann koma inn mange Stader, der dei store aldri gjeng.
           
Her er ein Song (etter Grundtvig) sett til ei Prøva.
 
Um morgon tileg _ so Gud me lova
for han hev lært oss so trygt å sova
i Jesu namne den notti lang
som borni små uti moers fang.
 
Um morgon tileg _ gjeng sol i lie,
og til sitt arbei vil mannen skrie:
som fuglen fri yver skog og eng,
so morgonsongen av hjarta gjeng.
 
Um morgon tileg _ av gull de skiner, _
so lyser glea i hugen inne;
og sæl er dagen, um tårer renn,
når til Guds ære du livde den.
 
So gange kvar till sit eigje yrkje,
Guds nåde byggjer um oss ei kyrkje,
so fær Me heppe og hugen til
å gjera gagne, som Gud de vil.
 
Og sol so renner, og glar um kvelden
og strælar fagert af himmelelden;
um Me fekk lyse som stjernor små,
Me tinge sælaste lagna då.
                                              
N.