Eit Telesamlag

Eit Telesamlag skulde det visst inkje vera for tidlegt aa faa stella til her i Byen no. Herr er mange Teledølar, som hev Hug til aa koma saman og røda baade um ymse telemarkiske og andre Hugmaal. Eg maa beint fram segja, at det er ei æveleg Skamm for desse Kristiania-Teledølar, at me eig kje Tiltak til aa gjera detta. Elder kannhenda det er Usemja, som er Grunnen? Ja er det det, so blygjest eg kje eit Grand for aa standa til, at det er jammerlegt smaatt Stell med oss Teledølar. Me er her mange fleire Hejmkjenningar fraa Telemarkje enn fraa nokon annen Lut av Landet. Og endaa gjeng me berre og snakkar um det, som andre, soleids t. D. Nordlendingarne, alt hev gjort. Ein burde vel kunna venta nokot meir av dei framifraa Teledølarne. Vaare Fedrar heime i Telemarkje maa faa undarlege Tankar um sine beste Born, naar dei lyt leita baade med Ljos og Lykt for aa finna oss att. Men kunde me no vera slike Karar, at me fekk stella til eit Telesamlag, so var det endaa Von um, at det kunde verta Raa aa finna oss. Og der skal kje stort til berre me vil. Me kann fara smaatt fraa det fyrste, til me ser, kos det lagar seg. Me er som sagt mange Teledølar her i Byen, og eig me litevetta Mot og dei einaste Grand av Hugmaal, so vil nok Samlaget snart vera gjort. Eg skal kje her segja, korleids eg meinar, detta Samlaget skulde sjaa ut, elder kva det skulde gjera. Detta vil koma av seg sjølv. Meiningi med desse faa Ordi var berre aa faa ein og annan til Fyregongsmann for oss andre. Eg skal kje nemna nokon, som eg so gott kunde gjera. Dei, som kjenner seg laga til det og hev Hug, bør hava Vit til aa melda seg sjølve. Dei vil hava Æra av det, og dei skal faa Takk for det, um deigjer det. Eg vonar, at det heretter vert annat enn berre laust Snakk um eit Telesamlag her i Kristiania.
           
10/ 1 83              O. M.
 
           
Denne Tanken vil Bladet au telja godt for. Landsfolk kjem hellest so snart burt her i Byen; dei trenar og tornar upp, naar dei gjeng for seg sjølve, og hellest sullar berre med Byens Folk. Dei maa halda ihop; det vert som ein Kveik for dei sjølve, aa ja for eit og anna hellest au. Serskilt eit slikt Samlag av Telarne vilde me lika væl, det var raadlaust anna, enn det maatte verta reint Norskt. For i Telefolket veit me, at Maalsaki hev ei av sine beste Røter.