Modergleda

[Del 2 av 3. Første delen]
 
(Eit Stykkje av ei utrykt Forteljing.)
                       
 
(Framhald.)
 
 
Daa Hr. Jonathan kom inn, sat Helene der med Barnet paa Fanget og saag daarleg ut. Jonathan spurde etter og fekk Forklaring, ei lang, lang Forklaring, som aldri vilde taka Ende. Det laag henne so tungt paa Bringa alt dette, og det gjorde so godt aa faa klaga si Naud for ein Mann, som ho daa visste kunde forstaa det. Og ho klagad si Naud so godt ho hadde lært, fortalde og greet, greet og for talde. Naa-naa-naa, sagde Jonathan, dette vart litt langt; - det er væl ikkje so faarlegt. Lat meg sjaa paa Barnet! _ Aa pytt, det er sterkt enno; det døyr ikkje i Nott. _ Aa, De skulde sjaa, kor ho lider! Det er Rid etter Rid, so ho fær aldri Fred, og heile den vesle Kroppen vert skakad og riven, so eg toler ikkje aa sjaa det. Aa eg er so rædd, og so sit eg her aaleine; um ho døydde her i Nott, og eg ingen hadde til aa hjelpa meg, so heldt eg det aldri ut. Og ho greet, som ho sjølv skulde hava Krampe. Uff, desse nervøse Kvinnfolk, tenkte Hr. Jonathan.
           
Det var osande heitt inne; men den vonde, kvævne Lukti, som Romet hellest hadde, var no døyvd av stram Moskuslukt og Lukt av Nafta og andre Dropar. Jonathan gjekk att og fram og tenkte. Her sit desse arme Dyr, sagde han til seg sjølv, og hev det som Hundar; og endaa græt den Apekjetta, fordi Ungen skal faa døy!
           
Aa! aa Gud, no kjem det att! skreik Helene, aa Gud hjelpe oss, aa, Gud Fader hjelpe deg! _ aa gjev meg den Flaska! nei! den der! aa Gud hjelpe deg so sannt! Jonathan tok Flaska, spurde kor mange Dropar det skulde vera, talde dei uppi ei Teskjei og gav henne. Daa det var gjort, gjekk han burt og saag paa Barnet. Vesle Gunda laag og bibrad i Reivarne sine; det skalv og drog seg i kvar liten Lem og Muskel, Augo gjekk sanselause rundt, og Munnen vreid seg og smattad, _smattad; Graaten sangrad og skalv so hjelpelaus og so forskræmd; men fram or den forpinte vesle Bringa skar der seg med ein Gong eit Skrik, eit stygt, langt Skrik, villt og fælt, midt imillom Laatt og Jammer; _ det var Hosten; Barnet skulde hosta, men hadde ikkje Kraft til det. Aa Gud, Gud! greet Mori hjelpelaust og saart, greet utan Taarer, for ho hadde ikkje fleire; Jonathan tok Overfrakken av seg og sette seg. Han vilde vera her i Nott. Han hadde voret uppe so mang ei Nott, og det ofta for mindre Ting enn dette.
           
Ridi gjekk snart yver, og so laag Barnet der liksom i ein Døs. Ho er so trøytt, sagde Helene; slik hev ho legjet og stridt i tri Dagar. Stakkars Arming, som skal lida so uskyldigt! Og ho greet ved Tanken; men det var ikkje Graat; det var berre Andlitet, som vreid seg nervøst, so kvar Muskel steig blaanande fram gjenom den matte, uklaare Hudi. Men Barnet laag og pustad so tungt, og stundom mimrad det med Munnen og smattad, elder saag upp med øre, stygge Augo, som var utan Vit. Men inn i dei Augo stirde Helene so tidt og so saart; ho liksom leitte etter Barnet sitt i dei, men fann det ikkje. Ho kunde ikkje kjenna vesle Gunda si att.
           
Slik sat dei ei lang Stund, so Jonathan mest tok til aa trega paa, at han hadde sett seg til. Det var i Grunnen dumt og sentimentalt; Ungen kreperad visst ikkje i Nott. Men naar han saag paa Helene, forvakt og utgreti som ho der sat, so slog han seg til Ro att. Det kunde væl henda, at ho kom til aa trengja Hjelp likevæl, tenkte han.
           
Barnet fekk ei Rid til, men den var ikkje so sterk; det var mest denne fæle Hosten. Helene sat heile Tidi og voggad det paa Knei, stirande paa det med raude, svulne Augo. Tilslutt forstod Jonathan, at ho heldt paa aa somna. Ho slaknad liksom burt i Aksler og Armar, og Andlitet vart so hengjande og daudt. Legg no Barnet burti Sengi, sagde Jonathan, og so legg Dykk! Kjem der nokot paa, skal eg vekkja. Ho skvatt upp og sagde Nei. Gjer no det! sagde Jonathan stutt; De ser sjølv, at De held ikkje dette ut. No vil Barnet dessutan sova. Nei, ho vilde ikkje. Nei, det gjekk ikkje an. Ho sat ei Stund og tvingad seg, so vilde Svevnen taka henne paa nytt. Daa reiste Jonathan seg, tok Barnet ifraa henne og lagde det burtpaa Sengi. Ho etter. So; legg no De Dykk der ovanfor. Ho var so svevnug, at ho mest ikkje samlad, so krabbad ho seg upp, arm, mager, sveitt yver den store gulbleike Pannen, eit ihelsprengt Dyr, jagat til Dauden av svoltne Hundar. Vekk meg endeleg, vekk meg _, sagde ho, og sov. Jonathan sat og saag paa henne. Han tenkte med seg, at i slike Tilfelle var det godt aa vera uvedkomande. _
           
Barnet var rolegt. Han tok ei Bok, som laag millom Koppar og Medisinflaskur paa Bordet; det var Mauritz Hansens Forteljingar. Han sat og bledde i Boki; alting handlad um Kjærleik. Men i denne Stundi likad han ikkje aa lesa um Kjærleik. So gav han seg til aa lesa um Palmyra og Dronning Zenobia. Det var lettande aa lesa denne øre magnetiske Draumen; for so slapp ein aa tenkja. Ender og daa høyrde han Barnet jamra litt burtpaa Puta, men han leet Helene sova. Stundom maatte han sjaa burt, um ho livde; ho laag der som eit burtkastat Plagg, rørde seg ikkje. Og so las han igjen um Droning Zenobia av Palmyra; for det var so lettande aa sleppa aa tenkja.
           
Men tilslutt fekk Barnet ei ny Rid. Det gav seg til aa skrika og vart so raudt og rart i Andlitet; Maalet skok i Halsen paa det, so Jonathan vart nervøs. Han gjekk burt og saag paa det; stod ei Stund og drygde; kanskje gjekk Ridi yver. Men so kom dette Skriket, dette ville, himmelropande Skriket, midt imillom ein Helvites Laatt og ei Helvites Jamring; han kjende seg veik i Knei, der han stod, og vilde til aa vekkja. Men Helene reiste paa seg i Svevnorom _ ho kunde ikkje faa upp Augo _ og byssad paa Barnet sitt med kvite, sovande Lippur, og stelte um det med sine magre, kvite Hender, som skalv. Og ho sukkad av Svevn, men byssad og byssad, og tilslutt tagnad Barnet; so seig ho attende i den djupe Svevnen sin, hadde visst berre drøymt.
           
Det gjekk ein Time, og det gjekk tvo. Jonathan sat og var glad for, at han kunde skaffa dette arme Dyret tvo Timars Svevn; han hadde endaa forsakat eit Toddylag i Kveld, og det var ikkje so litet. Aa, um dei Sellarne visste, at han no sat her! _ Hellest skulde det ikkje voret so galet aa havt eit Glas Toddy no; det hadde drivet Tidi!                     
 
( Meir.)