Sverre Sigurdsson og Anton Brask Rustad 1).

(Framhald til Stykket: Eit og annat um Stortings-Valet.)
           
Den Striden, som var no i Sumar millom Høgre og Vinstre, hev lange Røter ned igjenom Soga vaar.
           
Fyr yver 700 Aar sidan fekk geistlege og verdslege Stormenner Yverhand i Norig. Daa reiste det seg ein Flokk, eit demokratisk Parti, under Haakon Herdebreid, som stridde fyr det lovlege (legitime) Kongedømet og ei sterk Kongsmagt, men Lendmenner og Bispar vilde hava ein Lendmanns-Son paa Truna og ei veik Kongsmagt.
           
Det var smaatt Stell i Fyrstningi med det demokratiske Partiet; det var mest Røvarar og Illgjerningsmenner fraa Grensebygderne, Folk, som ikkje hadde studerat dei demokratiske Tankarne, og aldri hadde høyrt gjetet politiske Grunnsetningar og var meir uppsette paa aa røva enn aa lesa Fakultets-Betenkningar, men dei var Reidskap fyr ein politisk Tanke, endaa dei ikkje visste um det.
           
Høgre dreiv allstødt Gjøn med dei, fyr di det var mest simple Folk, og fekk drepet det legitime Kongsemnet. For Høgre hev aldri brydt seg meir um Kongsmagti, enn det høvde med deira Synsmaatar, so naar Høgre i vaare Dagar talar so vænt um Kongen av Guds Naade, so er det for di det hev Gagn av det.
           
Men det demokratiske Partiet utviklad seg og fekk ein dugande Førar under Sverre Sigurdsson; dei vart spottvis kallad fyr Birkebeinar, men detta Namnet vart eit Heidersnamn. Sverre med sine Husmenner og Arbeidsfolk og simple Folk slo Stormennerne paa Kalvskinnet 1179. Mennerne hans Sverre var Levebrødspolitikere; Sverre hadde lovat, at kvar den, som drap ein Hirdmann elder Lendmann, skulde sjølv verta Hirdmann elder Lendmann, og no fekk mange simple Folk store Embætte; det vart plent som i vaare Dagar, so nær som, at dei gjekk fram paa ein annan Maate; den Gongen slost dei med Sverd i Hand um Magtfordelignen, i vaar Tid snakkar og skriv me. Stormennerne klagad jammerleg, fyr di dei ikkje fekk hava alle Embætte fyr seg sjølv lenger, og gjekk til Utlandet etter Hjelp _ rett som i vaare Dagar _ og lovad Danmark Viki, for Høgre hev allstødt voret svært patriotisk. Men det gjekk betre daa enn Høgre hadde tenkt, for Vikverjarne ropad alle som ein og sagde, at dei aldri hadde havt det verre, enn daa dei var under Danmark.
           
I gamle Dagar var det Husmenner og Arbeidsmenner med i Striden mot Stormanns-Veldet, og difyr kunne ikkje Lendmennerne gaa inn paa Forlik; dei hev tvillaust sagt det same um Sverre, som Høgre no segjer um Sverdrup, at han med Husmenner og Arbeidsmenner i Grunnen vil kua Bonden, men Bondemagti hev alle Tider voret so sterk her i Landet, at ho faarelaust hev kunnat gjera Rett og Skjel med Smaafolk.
           
Mange Stader i Landet var Bøndderne lenge imot Kong Sverre, av di dei ikkje forstod, kor Sverre vilde av: han vilde hava eit sterkt Kongedøme paa demokratisk Underlag, eit fritt Bondesamfund. Mest hatige paa Sverre var Folket i Viki, som fyrr hadde voret under Danmark. Bønder fraa Viki og Bymenner fraa Tunsberg ( Plebiscet-Byen) samlad seg mot han i store Flokkar inne i Oslo, og det var so vidt Sverre greidde seg. Er det eit Tilfelle, at Viki, som fyrr hadde voret under andre Rike, no var imot Sverre, liksom det endaa er Viki, som støder Embættsmanns-Veldet? (Verdt er det og aa leggja Merke til, at Finnmarki, som no og gjeng med Høgre, ikkje i gamle Dagar høyrde Norig til).
           
Kvat som kunne vera Grunnen til detta ofsalege Hatet mo Sverre i Viki, er ikkje godt aa vita. Munch meinar, at det var Baglar-Bispen Nokolaus Arnesen, som hadde sett ut vondt um Sverre umkring i Viki. For det var i gamle Dagar plent liksom no: Presteskapet var imot det, som Folkepartiet arbeidde fyr, endaa det var andre Grunnar Presteskapet hadde aa nemna i den Tidi. Prestarne harmad seg, fyr di Sverre stod paa, at han var Konge av Guds Naade, som ikkje skyldte Paven si Magt. No harmar Prestarne seg, fyr di Folkepartiet ikkje vil godkjenna Kongedømet av Guds Naade. Baade i gamle Dagar og no sagde dei, at Hovdingarne fyr Folkepartiet var gudlause. Av detta kann ein sjaa, at det ikkje i Grunnen er fyr Kongedømet av Guds Naade, Prestarne arbeider. So lenge eit sterkt Kongedøme var Vern fyr Folkefridomen, var Prestarne imot det, no daa det er Vern fyr Leivningarne av det gamle Embættsmanns-Velde, no er Prestarne dei ivrigaste til aa halda paa det.
           
Reint fritt er det ikkje, at me hev Baglar-Prestar no og, som set vondt ut um dei liberale, baade i Viki og andre Stader. Det er Lukka, at dei ikkje hev slik Magt som i gamle Dagar. Dei lyste Sverre og alle, som heldt med han, i Bann, so Kyrkjurne skulde stengjast og Folk ikkje vart gravsette i kristi Jord. No berre skjeller dei paa den forbannad Majoriteten, men Meiningi er den same.
           
Daa denne Striden hadde vart ei Stund, reiste Bisp Nikolaus Baglar-Flokken. No reiser Fædrelandet 17de Mai-Foreningar. Det var ein Svip av Baglar-Politikk med detta.
           
Ein Flokk samlad seg og, som kallad seg Gullbeinar i Motsetning til Birkebeinarne; det var liksom November-Kaksarne i vaare Dagar, som svivyrder alle liberale, som ikkje skoller so stort i Skatteligningi, likso mykje, som Stormennerne hans Magnus Erlingsson svivyrde Saltnes-Gutarne og Husmanns-Sonen Ulv av Lauvnes.
           
Mange totte, at dei hadde det fælt so godt, fyr den Devels-Presten Sverre for til aa agitera. Dei meinte og, at fyrst dei vart kvitt honom, skulde alt gjenka seg, og Folket koma til Ro att. Nettupp som med Sverdrup i vaare Dagar. Men det synte seg etter kvart, at ikkje Sverre var Upphavet til Striden. Slikt er ikkje ein Manns Verk. Det var Utviklingi, som førde Striden med seg. Hadde ikkje Sverre voret, hadde det ikkje gjenget so fort kann henda, men det hadde komet like fullt. Og ingi Magt hadde kunnat stagga det. Det er vel ingen som trur, at det hadde vortet Slutt paa Striden, um Magnus Erlingsson hadde havt eit absolut Veto.
           
Soframt dette folkelege Arbeidet fyr 700 Aar sidan hadde voret ein Manns Verk, so hadde det voret Slutt paa det, daa denne Mannen sloknad. Men Arbeidet heldt paa, og dei Grunnsetningarne, som Birkebeinarne hadde stridt fyr, vart heiltupp gjenomførde, og dei avmerkte Vegafaret fyr heile den norske Soga etter den Tid. Striden logad aldri upp meir i det store etter Aaret 1240, men han heldt paa i det smaa med Lensherrar og sidan med Embættsmenner. Etter 1830 fyrst tok han so smaatt til aa kveikna i att og Programmet vart vidare. I det 12te Aarh. var Bønderne nøgde med, at kvar Mann fekk raada seg sjølv og slapp Smaaherrar, men Politikk og Riksstell brydde dei seg ikkje um. Difyr misste Norig Sjølvstendet sitt og. Men det som vantad den Gongen, vilde Bønderne etter 1830 bøta paa, og no kravde dei aa faa vera med i Riksstellet. Paa ein annan Maate kom Partiet og til aa lempa seg etter den nyare Tidi, so Kravi vart ikkje rett dei same som fyr 700 Aar sidan. I gamle Dagar hadde ikkje Folket nokot annat Organ fyr heile Landet enn Kongen, og um honom samlad dei seg alle, som vilde Sjølvstende og Framgang fyr Riket, og det liberale Program vart daa ein Konge av Guds, ikkje av Presteskapets Naade. No hev me Stortinget til Organ fyr Sjølvstende og Framgang. Kongarne hev ikkje stor Magt lenger i vaare Dagar, vaar Konge er attaat Unionskonge og Konge i eit Land, som er mykje større enn vaart. Han kann difyr endaa mindre repræsentera Folke-Majestæten i vaart Land, enn andre Kongar i sitt.
           
Alt, som vil fram, lyt hjaa oss samla seg um Stortinget, som er heiltut norsk og ikkje under Innverknad av framand Magt. Det liberale Program er no aa stydja Stortinget, og det hadde Birkebeinarne gjort, hadde dei livt no.
           
Naar ein les Sars: Historisk Indledning til Grundloven, kann ein aldri tvila paa, at det er ei heil, samfeld Utvikling fraa Sverres Tider (og i Grunnen fraa dei eldste Tider) og til no. Naar dei konservative segjer, at det er Sverdrup og andre, som er Skuld i den folkelege Vekkjingi i vaare Dagar, og at det vil gjeva seg radt, naar dei døyr, so er det ikkje godt aa vita, um ein skal læ elder graata.
           
Aa setja ein absolut Veto mot denne 700-Aars-Straumen, vil berre demma upp Vatnet fyr ei Stund, so det kjem sidan med so mykje større Ofse. Eit Statskup vil gjera endaa større Skade fyr dei, som prøvar med det.
           
Ein lyt hava ei bergfast Tru paa, at Lukka er Formyndar fyr alle Daarar, naar ein kann billa seg inn, at det Verket, som Sverre Sigurdsson byrjad, skal Anton Brask Rustad gjera til inkjes.
 
1) Det er tri Vikur, sidan dette vart skrevet.