Umbøter i det Amerikanske Embættesstell.

I den amerikanske Republiken vel Folket fyr det allrameste sine Tenestmenner sjølv. Men der er vel ei hundrad tusund Embætte i skilde Regjeringsgreiner, t. D. i Krigs. og Postdepartementet, som Præsidenten etter Grunnlogi til denne Tidi hev havt Rett aa utnemna til. Daa det hev vortet Skikk aa bruka desse Embætte, som Præsidenten raader yver, i politiske Augnemaal, hev den politiske Moralen teket myke Skade av det, og det hev soleids lengje voret kravd Umbøter i Embættsstellet.
           
Det amerikanske Stortinget (Kongressen) hev no etter Upmanning av Præsidenten vedteket eit Umbrøyte i Grunnlogi, som gjeng ut paa aa skilja desse Embætte ut ifraa Politiken.
           
Istadenfyr, at offentlege Tenestemenner fyrr ofte vart utnemde fyr Skuld si Partitru og sine politiske Tenester, skal no ingjen verta utnemd utan aa ha stadet ei Prøva elder Examen, og dei som daa stend seg best vert fyrste tekne. Dei fær daa sine Embætte paa eit vist Tal Aar og kann inki setjast av, utan dei inki gjer Rett for seg, medan dei fyrr hev lotet vikja Embættet, naar nye Menn kom til Styret. Denne Prøva skal likavel Arbeidarar og uttente Hersveinar sleppa. Stortingsmenner fær inki Lov aa leggja seg imillom ved Utnemningi til Bate fyr nokon Embættssøkjør i annat enn det, som vedkjem deira Dugleik og Karakter.
           
Præsidenten skal setja ned ei fast Nemnd, som skal arbeida ut Reglement fyr Embættsstellet og tilskipa Prøvurne fyr Embættssøkjararne. Til aa hava Tilsyn med Embættsverket i det heile, og til aa prøva dei, som vil hava Embætte, set Yvernemndi ned ei Undernemnd i kvar Stat.
           
Embættsmennerne, som fyrr hev voret under stort Trykk med di, at dei hev lotet skjota saman Pengar av Embættsløni si til aa fremja Parti-Fyremaal ved Vali, skal no faa Log til Verjing ved slikt, og full Fridom i sine politiske Meiningar.