Vestergötland.

[Del 1 av 12]
 
(Ferda-Rits.)
           
 
Den, som hev lengtat i tjuge Aar yver dei høge Fjelli og aldri voret utanfyr Landsgrensa er, som kvar kann vita, fegen med aa koma ut. Hjartat klappad i meg, daa eg paa Ferdi var komen so langt, at eg skulde fraa gamle Halden. I Jarnvegsvogni vende eg Hovudet fraa Fredrikssteins Festning, som eg nys hadde set, og freistad so godt, eg kunde, aa gløyma allt det Blodet, som heve flotet der den Tid, daa me jamt og samt skulde slaast med deim, som no er Brøderne vaare. Eg vilde so gjerna lata dei Daude vera i Fred og tenkja paa Folket, som liver med meg paa ein Dag; men likavel totte eg, det var Ufredslarmen, og høyrde, daa det byrjad rista og skaka i Vognerne, og i Lokomotivrøyken tottest eg sjaa Kong Karl den Tolvte i røk och dam uppmoda Gossarne sine aa prøva paa og taka Festningen; men eg tottest au sjaa Nordmennerne verja seg som Karar, tildess denne Ufredskongen seig som Soli ned i Blod, og kvar Mann kunde fara heim i Fred. Og no riv og slit Sogomennerne i Kroppen hans og vil gjera honom til den værste Galning av Verdi; men likavel er der daa nokot Stort ved honom. Um honom kann ein med Skalden syngja:
 
            I myrke Villa stødt han ravad;
            men endaa er det sanne Ord:
            Han aatte det, som du maa hava,
            um ein Gong du skal verta stor.
 
           
Ja, han aatte denne Livsens Glod, og difyre er det inkje so galet, som mange tru, at Svenskarne heve lagt slik Elsk paa Visa hans og ærar honom som den største Sonen aat Svea, endaa han tok baade Magt og Merg fraa Mor si, so sjølve Tegnér lyt enda med, at svenska äran viger sin segerfana der, og ein skal helder inkje undrast so myket yver den svenske Heren, som reiste honom ei med Torn og Spir prydat Minnestytta paa Festningsfjellet ved gamle Halden med dei Skalde-Lovordi:
            I med- och motgång lika,
            sin lyckas öfverman,
            han kunde icke vika,
            blott falla kunde han.
 
           
Ja, desse gamle Kjemporne, som naa kvar Skulegyten lyt læra og kjenna fyr aa verta Kar av, dei kunde baade slaast og falla elder rettare baade slagta og lata seg slagta, um det skal verta sagt, som det er til. Olav Tryggvason kunde helder inkje vika ved Svolder, endaa det nokk hadde voret Raad med det. Han laut plent med berre 11 Skip leggja seg i Kamp med 3 Herar, og difyre var han kannhenda likso stor Galning som denne vesle pilten, som lagde seg upp mot 3 Konungar tilhopa og kjøyrde paa Slag i Slag, tildess det vart Ende paa honom. Nei, daa stend Sverre Sigurdsson myket framum baade Tryggvasonen og Sveas største son i Vit og Forstand, som lyt reiknast fyr det fornemste fyr ein Konge; for han Sverre kunde vika au, han, og inkje so lett falla, og difyr kunde han med ein liten Flokk Birkebeinar taka Noreg og døy i si Seng i Bergen trass i Baglarbispen. _ Desse og fleire Tankar av same Slaget foor so svindt som ein Vind gjenom meg, daa Vognerne ramlad upp under Fjell og Lid ved Halden. Men daa Fylgjet med herklædde gamle Kjempur vart hosta hardbalet, vende og vreid eg meg og saag fraa mit kongelige Sæte, som gjæve Olavar og Sverre og Karl den Tolvte inkje hadde Makjen til, nedyver den høge Muren til den tronge, men fagre Tistedalen med alle sine nye Verk. Denne tottest meg vera fjaagare enn Festningen og alle dei Gamle, og eg var mest fegen med aa høyra til det nye og inkje til gamle Noreg, so laakt det end i mange Maatar stend til med oss. Det bar fort oppyver Bakke, og i det gamle Kjempe-Laget, eg var komen, laut eg segja dei austlandske Flatbygder Farvel og taka til Fjells. Di høgare upp eg kom, di meir tottest eg verta kjend; for Fjell og Dalar syntest vera i Ætt med ymse vestlandske. Men den Skilnaden var lett aa sjaa, at Nutarne ikke var Kjempor med Brynjor og Hjelmar som upp i Jotunheimen og paa Vestlandet, men liksom nedtrykte til store rundvorne Haugar elder Saator, som mest alle Stader var grøne av Skog. Men sjølve Jotunheimen kjenner inkje til slikt Villmannskap som desse vesle Fjell og Dalar. Her heve Svenskar og Nordmenn floget som ville Dyr fyr aa tyna kvarandre. Baade Prest og Klokkar var med paa det. Han Kjeld Stubb sluttad preika og foor her att og fram med Sverdet, og her i desse Fjellknausarne var det, han Olav Sveinson Bakke gjorde slike Grep, at han vart meir namngjeten, enn nokon annan norsk Klokkar hev vortet til dessa. Millom Fjelli saag eg fraa Vogni Iddesletta, der denne Klokkaren høyrde heima. Ho er inkje liti denne Sletta, og der saag ut til aa vera tettgrent og gode Gardar, sovidt ein ellest kunde sjaa i det Blaa; men i dei Fjelli, Jarnvegen gjekk, var der langt Gard imillom, so der nokk i denne tjukke Skogen kunde vera høvelegt fyr ville Dyr og Ufredsmenner. Dei skulde set upp atter alle dei, som heve sleget kvarandre ihæl her, so skulde dei vorte reint forfælte, naar dei saag, korleides Nordmenn og Svenskar naa ferdast her og sitja jamnsides kvarandre som dei beste Vener.
           
Der er 4 Stoppestader millom Halden og Riksgrensa, og det er Tistedalen, Aaspedemma, Prestebakke og Kornsjø, og daa me hadde teket fraa den siste, sat eg og glodde heile Tidi og ventad paa Grensa; for eg vilde vera uppglødd i det Bilet, eg fyrste Gongen kom i eit annat Land; eg vilde af Hjartat helsa Sverige. Eg kunde aldri innbilla meg annat, enn at der i Landsskilet laut staa ein dugeleg Vegstolpe, myket større enn dei, som pla standa millom Fylki (Amterne) i Noreg. Men korlenge eg glodde og glante, gaadde eg inkje nokot, som kunde vera Merkje paa Landsskifte. So byrjad Govpipa aa kvina. Eg saag framyver og vart var ein Stoppestad med Skiltet Mon, og fyrst daa skynad eg, at eg var paa svensk Grunn. Lett i Hugen laut eg strakst spørja Vognføraren (Konduktøren), kor Landsskiftet var. Den venlege og staute svenske mann spurde, um eg sansad til ei Bru yver eit smalt Vatn elder som ei breid Aa. Jau, det gjorde eg, og der var Grensa. Paa ein Setel i Vogni saag eg, Ferda-Folk laut vera ferduge til aa lata Tyet sitt ransaka (visitera) paa Mon, fyr at Tollsvik skulde verta hindra. Eg trudde difyr, eg laut halda meg ved Vogni: men det vart inkje av med Ransakingi. Som eg seinare røynde, er det annarleids, naar ein kjem fraa Sverige til Danmark elder fraa Danmark til Sverige. Daa vert allt ruskat og upprivet, som um Govskipet skulde vera fullt av Tollsvikarar. Svenskar og Nordmenn trur kvarandre betre, er det likt til. Venteleg er det berre Gods og større Kistety (Bagage), som vert ransakat. Istadenfyre Riving og Rusling i Ranslar og Skreppor bar det inn i ei stor Stova. Paa eit stort Langbord var det dukat med Mat og Drykk, og Ferda-Folket aat, som dei skulde fenget Betaling fyr det. Det var liksom alle skulde hava drygt med Maten til dess dei kom yver Grenselina; for i Sverige er allt billigare paa Jarnvegsstoppestaderne enn i Noreg, anten det naa er eit feitare Land elder det er Folkeskikken, som gjerer det, Paa Mon kann det inkje vera Landet; for der ser inkje for feitt ut. Der var knapt ein grøn Flekk aa sjaa paa heile den vide og store Moen, men berre Lyng som dei mest udyrkade Moar. Skogen var øydelagd baade paa sjølve Moen og paa Smaabergi umkring. Inkje ein Gard var aa sjaa i vid Avstand, so ein kunde spørja, kvifyre der skulde vera nokon Stoppestad i denne Øydemarki. Der ser øydslegt ut paa Jadren mange Stader umkring Jarnvegslina; men so audt og daudt som her paa Mon er der daa ingen Stad. Her var eg inkje god fyre aa helsa paa Sverige som det vänaste land uppå jord; for vel var der Sol og Himmel, men ingji engder gröna. Eg vende meg og stirde til alle Kantar, solangt Synskrinsen naadde; men fyrst daa det bar i Veg atter, saag eg, at der budde Folk omkring denne Stoppestaden au, um det enn inkje kunde vera mange. Hellest veit du, det er mangt og myket, ein inkje er god fyre aa sjaa fraa Jarnvegsvogni, endaa eg tykkjer ein ser myket godt, naar ein berre heve Augorne med seg. Ein fer fraa Bygd til Bygd i ei Handavending. Det eine Synet rullar seg fram etter det andre, og det er mest, som ein skulde standa paa ein høg Nut og sjaa fleire Bygder paa ein Gong.
           
Fraa Mon bar det nedyver atter, og lenger ein kom, grønare og ljosare vart det. Paa denne Leidi er Dalsland inkje so ulikt Austfold (Smaaleni). Der er Sletter og smaae Dalar, laage Aasar og Berg som Grensebergi i Norge, berre med den Skilnad, at Fjelli paa den svenske Sida er liksom meir flattrykte og so laage, at, ifall Sjøen steig 300 Fot, so vilde heile Dalsland staa under Vatn. Den nordre Luten av Dalsland grensar til Vermeland og liknar detta sköna och härliga land, som Diktaren kallar krona för Svearikes länder. Der er Dalsdrag med lange Vatn og Tjørner, og Sidedalar gjeng til alle Kantar millom Bergi. Det er trulegt, at Namnet Dalsland helst kjem av desse Dalar. Ved Venern er Landet flatt og slett. Eit av dei lengste Vatni er Store-Lee-Vatnet, som mest er av same Lengdi som Randsfjorden. Jarnvegen gjeng forbi den syndre Enden av dette Vatnet i Eds Sokn. Her er fagre Lider og Strender. Vatnet gjeng mot Nord til den norske Grensa, der ein Arm skjer inn i Aremarks Prestegjeld; men ein endaa større Arm gjeng lenger mot Nord til Vermeland.
           
Dalsland skal inkje vera nokot rikt Landskap. Skogen er skammfaren. Eg heve aldri set saa smaae Stokkar nedhoggne til Drift. Jordi ser inkje feit ut fram med Riksgrensa, men synest besna, til kvart ein nærmar seg Venern og Gøtaelvi. Alt ser armare ut enn paa Austlandet i Noreg. Husi liknar paa Storleiken meir Vestlandet enn Austlandet; men paa Skapet liknar dei mest dei austlandske Bygningar, endaa eg saag Potethus elder Kjellarar, som var uppsette av Svein paa same Maaten som paa Jadren og i Dalarne.           
 
( Meir.)