["Cimbria"]

Cimbria, eit stort Amerikaskip, som var paa Reis ifraa Hamburg til New York, vart Fredag Morgon hi Vika paasiglat av eit annat stort Dampskip Sultan. Det var so tokutt Ver, at Skipi inki vart vise med einannan fyrr dei var so tett ihop. Sultan gjekk med full Stim og Støyten var so sterk, at Cimbria trast etter sokk. Det hadde 80 Amerikareisande og Mannskapet var 110 Mann. Sultan drog sin Veg. Paa Cimbria tok dei trast til aa setja Baatarne ut, men detta vart mest raadlaust, daa Skipet trast lagde sig so mykje yver paa eine Sida. Dei fekk nokre Baatar ut fyrr Skipet gjekk under, og desse freistad aa taka so mange dei kunde av dei, som klamrad seg til Plankar elder paa annan Maate var god til aa fløyta seg. Det kom soleids inn paa ein Baat ei 39 Mann. Daa Baaten inki kunde bera fleire, laut dei til aa tenkja paa si Redning. Jamren og Naudropi av dei Blivande var daa stilnad av. Dei siglad daa tilhavs fyr aa komma ut i Skipsleie, dar dei kunde venta aa treffa inngangande Skip. Daa Ulukka vart kjend, vart det og sent ut fleire Dampbaatar til Hjelp, men det ser ut til, at berre faa er redda, og mest inki Kvinnur elder Born, som heldes Mannskapet paa Cimbria gjorde mest fyr aa redda.