["Frelseheren"]

Frelseherener Namnet paa eit religiøst Serlag, som nyleg er komi yver fraa England til Sverike. Det ber reint upp i Vitløysa og Galenskap.
           
Som i ein annan Her hev dei Generalar, Oberstar, Kapteinar o. s. b. Dei skal kri mot Syndi, difyr maa dei hava Her. Generalen og dei Høgste med han utgjera eit Krigsraad, som konderar yver heile Lina, og alle lyt lyda slik Slag som hjaa Jesuitarne.
           
I Sumar var, gav Generalen i London eingong slik Bod:
           
 Aalmenn Ettergjevnad.
           
Kongen yver Kongar byd hermed full Forlating til alle Synda-Trælar, som segjer fraa seg Tenesta hjaa Syndi og gjeng med dei, som førar Krig mot Old Nik (Utnemne paa Gamlen sjølv). Er det nokon, som stengjer seg ute fraa den Tilgjevnad, han skal paa Domedag etter Kongens Bod kastast i Helvite fyr all Æva. Krig, Krig, Krig!
                       
Program fyr Vika.
           
Maandag: Frelse-Sveinarne gjeng i Fylgje gjennom Byen med flugande Fana og ljomande Spel. Dei gjeng paa.
           
Tirsdag: Stor Framstelling av Halleluja-Møyer.
Onsdag: Eld og Brennestein.
Torsdag: Mynstring. Patronar utdeilast.
Fredag: Elddaap.
Laurdag: Sigersgleda.
Sundag: Generalkvartermeistaren utdeiler Herbunad. Yverkoming av Heilag-Aandi.
Stort Paatak paa Djevelen. Tilsist Halleluja-Traav.
           
I Stockholm hadde dei au laga seg til aa ganga syngjande gjennom Gaturna, med Fanur og Trommur, men Poltiet baud mot det.