[Jerome Napoleons...]

Jerome Napoleons Upprop hev gjort mykjet Røra i Frankrik. Medan Bonapartistarne sjølve, som inki vil ha denne Jerome, men ein annan Prins Victor Napoleon til Keisar, hev gjort Gjøn med dette Uppropet, hev dei havt heite Møter i det franske Tinget og hev fyrebutt mangeslags Raadgjerder. Sume vil, at Ættingar av Frankrigs gamle Herskarslægtur skal visast ut or Landet. Regjeringi vil, at Tinget skal gjeva henne Løyve til aa visa ut slike, naar ho finn det trengst. Samstundes krev ho visse Umbøter i Presselogi, som no etter hennar Meining inki er streng nok.
           
Det gaar og Snak um, at Ministeriet vil treda av; i det heile synest Regjeringi aa ha lite Magt til aa samla um seg i Tinget den Styrkje, som turvtest.
           
Det gamle Kongsmenn (Legitimistarne), som vil hava ein ætting av Frankrigs gamle Kongehus til Styrar i Frankrik etter den gode gamle Visi er ogso ute og gjer Røra; ja det vert endaa snakka um, at dei hev lagt seg ihop og i Duld lagar paa ein Umstøyt av Republiken. Eit Blad, som hev ymtat um slikt nokot, hev soleids vortet paatalat av Regjeringi. Kormykje elder lite der enn kann vera i detta, so gjer det sit til aa auka Øsingi.