[Jon Follsæ ...]

Jon Follsæ(J. A. Folseth), Bonde i Fyrisdal, gjekk heim til Kvila no Nyttaarseftdagjen. Ikkje var han Maalmann, helder ingjen stor Mann, so det er kje fyr det, eg læt han minnast i Fedraheimen, men det var ein av desse javne, stille, godgjerande Menn, som vert avhaldne og minnast i Bygdi. Det er som so sorgsamt at høyra dei avlidne, som hev livt med i dei andelege Brot heilt liksom upp i ei eldre Tid.
           
Jon Follsæ var ein av dei eldste Lesarar i Fyrisdal, Lesarannes Syn paa det kyrkjelege og kristelege fell paa det næraste saman med Haugianarannes. Men den kristelege Vækkelsen heng ikkje historisk saman med den Haugeske her. Det var ei myrk Tid, daa den begjynnte i Fyrisdal fyr umlag 25 Aar sidan. Det var ikkje mange, den fekk Tak i, men ein av desse var Jon. Etter som hans Syn vart klaarna, og hans kristelege Yvervitning fastna, tots det bli han ei større og større Pligt at forkjynne um det, han sjav ha prøva i den Vegjen og tala eit Aalvors Ord. Prest paa den Tid var gamle Provst Teisner, ein myndug mann av den gamle Skule, som saag kje med blide Augur paa Lækmannens Vyrkje paa den Maaten. Han og Jon kunne daa just ikkje altid semjast, men Jon hævda sin Rette med Styrkje og Stødleik. Mangt eit vælsignat Ord hev den Mannen tala _ Ord, som me fær takka Gyd fyr.
           
So etter nokle Aar kom den Jaabækske Bondevenvækkelsen ogso hit til Bygdæ. Og den vart klaara og upplyste ved Folketidende. Denne Vækkelsen greip ogso Jon, som var ein av dei, som fortener Takk fyr, at eit Bondevensamlag kom istand. Han vart Fyrmann og var det til sin Død, men i lange Tider gjorde han elder Samlaget ingjen Ting. Men at Jaabæk ha Samhug i Fyrisdal med sitt politiske Arbeid, det viser Innsamlingjæ til han her um Aaret, daa der kom inn litt yver 24 Spd.
           
Men det er ikkje som Politikkar eg minnest Jon. Han magta kje fylgje Bondebevægelsen i sin Konsekvens, men sakka etter Haand av.
           
Av Fatikfolk vil Jon minnast. Gav burt ei Kjyr gjorde han tidt. Ein av sine Aandsfrendar gav han ein liten Gard med Hus og Jord. _ Han hae tiltenkt Bygdæ eit Legat paa 20,000 Kronur til friviljugt Fatitilsyn, men han rokk kje faa det skrivet ned som sin siste Vilje, men vitnefast, at han vilde havt det so, er det, so hans Vælgjerd er like stor.                  
 
Kj.