Eit og annat um Stortings-Valet.

[Del 4 av 4. Første delen]
 
(Slutten.)
 
           
Morgenbladet og ymse andre Nordmenner (?) og den svenske Marcellus trugar med Statskup og aa suspendera Grunnloven, det vil segja, at dei fyr ei Tid vil lata Grunnloven sova. Ja lat dei det, soframt dei trur, at dei paa den Maaten kann stoppa det norske Folket, som no vil taka Husbondsretten sin.
           
Høgre hev ikkje berre tapat politisk, men endaa meir sosialt, det vil segja, det stend ikkje lenger so høgt i Samfundet, som fyre Stortings-Valet, og det kann inkje Statskup og ingi Suspendering bøta paa.
           
Embætsmennerne hadde fyrr mykje større Løn enn no og var dei einaste, som hadde Upplysning aa kalla fyr paa Bondebygdi. No er det mange, som tener betre enn dei, og fælt mange, som hev jamgod Upplysning, allvisst i Politik. Fyrr stod det Age av Embætsmennerne paa Landet, etter 1830 for Bønderne til aa misunna dei, so tok dei til aa argast paa dei paa ymse Stelle, og no høyrer me fraa ei og onnor Bygd, at dei tek til aa nedsjaa dei. (Her ein Dagen høyrde eg um ein rik Bonde ein Stad paa Upplandi, som ikkje hadde høyrt gjetet Skrivaren, endaa denne hadde butt Gard i Gard med han i eit halvt Aar).
           
Um Embættsmennerne fortener detta elder ikkje kjem oss ikkje ved no, men Hovudsaki er, at det hev gjenget so, og detta kann inkje Statskup bøta paa, som sagt.
           
Det er til Landsens Skade, at det gjeng slik paa Skakke med Embætsmennerne, men naar dei steller seg slik, er det ikkje godt aa bergja dei. Ulukka deira er, at dei liver heiltupp paa gamle utlivde Synsmaatar. I Folket ser dei berre ei Maskine, som dei kann regulera med eit Veto. At det er eit veksande Liv, forstend dei ikkje, og kjem truleg ikkje til aa forstaa det helder, fyrr det er for seint.
           
Ingenting, som me kjenner, hev gjort so mykje til aa skunda paa denne Utviklingi som detta siste Stortings-Valet, og det som hende strakst fyre og etter.
           
Paa Folkemøti møtte fleire Embætsmenner upp og skjemde seg reint burt, so Bønderne lo aat dei og tenkte med seg sjølve: Kann slikt vera Embætsmenner?
           
So kom Valmanns-Valet. Embætsmennerne trugad med Ufred, Borkebraud og alt vondt, soframt Bønderne røystad med Vinstre; men Enden vart fyr det meste, at Prest og Skrivar vart standande der med eit Tjug elder tvo umkring seg, og heile Hurven gjekk med Vinstre.
           
Kor vert det so med Autoriteten!
           
For en Skilnad no mot fyrr, daa Embætsmannen som Kongens Repræsentant aaleine visste, kvat som var til Gagn fyr Folket!
           
Etter detta Valet hev det gjenget fælt nedetter med Embæts-Standet.
           
Vert det no Ufred og Borkebraud, som Høgre spaadde um, so vert Bønderne harme paa Embætsmennerne, fyr di dei er Lands-Svikarar, og vil aldri meir sjaa upp til dei som Landsens Fyregangsmenner.
           
Og vert det ikkje Ufred og Borkebraud, som Høgre spaadde um, so hev det synt seg, at det er med Embætsmennerne, som Bonden sagde det var med ei gomol Spaakjering, dei hadde, daa han var ung: naar ho spaadde, so lo eg. Og daa er det reint Slutt paa Autoriteten.
           
Aldri fær Embætsmennerne att den Magti, som dei hadde fyre Valet.
           
Alt, som Autoritet aatte, hadde møtt upp so ein skulde tenkt det maatte aga Bonden. Fyrst Kongen med heile sitt glimande Fylgje, daa han heldt Trontala, og Præsidenten i Stortinget, etter kvart som Fylgjet steig fram, laut bukka so mange Gonger, som der er Paragraffar i Grunnloven, sidan Prestar og andre ærverdige Embætsmenner med Drust og Dramb.
           
Den Tidi er ute, daa ein kom nokon Veg med slikt.
           
 
Me hev fyrr sagt, at Høgre liver paa vaare Veilur, og at, naar me rettar paa dei, fær Høgre litet aa fara med til næste Val _ endaa um Høgre held seg ved det Laget, som det no er. Men det er mangt, som tyder paa, at Høgre um tri Aar vil vera mykje laakare enn no.
           
Fyrst vil me no nemna det, at naar eit politisk Parti misser Magti, so vert det demoraliserat, og alt vondt, som bur i eit Menneskje, kjem daa upp. Det hev jamvæl synt seg i Soga, at eit Parti elder ein Samfundsklasse gjeng under reint fysisk og, veiknar av og døyr ut, naar det misser Magti. Difyr spyrst det, um ikkje Høgre snart vil syna mykje stygt og umoralsk, so det vert berrsynt, at Moralen er i Framstiget.
           
Det spyrst og, um Høgre lenger kann kallast fyr eit Parti, for eit Parti lyt vilja nokot positivt, men Høgre vil ingenting so nær som meinka Vinstre. Naar difyr Høgre klaar seg fyr det forfatningstro, konstitutionelle Parti, so lyt me svara, at
1)      er det ikkje forfatningtro
2)      er det ikkje konstitutionelt
3)      er det ikkje eit Parti.
 
Det er som med det heilage romerske Riket, som Holberg skriv um; det var
1)      ikkje heilagt
2)      ikkje romersk
3)      ikkje nokot Rike.
           
Det er ikkje vandt aa sjaa helder, at Høgre ikkje hev eit positivt Program, for det berre segjer imot Vinstre, kvar Gong Vinstre gjer nokot, og so gjer Høgre det same sjølv, naar det finn, at det høver. Aldri skal ein sjaa, at vaart Høgre fylgjer eit positivt Program.
           
Fyrr skuldad Høgre Vinstre og serleg Maalmennerne, fyr at dei vilde setja upp liksom ein kinesisk Mur umkring Landet og ikkje sleppa Europa-Kulturen inn.
           
No preikar Høgre mot Tidsaanden og vil stengja ute alle nye Tankar, som vil setja inn til oss fraa Europa, og skjeller Vinstre fyr gudlause _ same Partiet, som eingong sette Hans Nilson Hauge 11 Gonger i Fengsel og siste Gongen i 11 Aar.
           
Fyrr lærde Høgre oss, at ein skulde velja dei dugelegaste Mennerne til Tingmenner, anten det var Høgre elder Vinstre, men so vanskad det sjølv slike Menner som Professor Broch, fyr di han ikkje var heiltut Høgre, og hev arbeidt det meste dei orkar mot at Sverdrup og Sten skulde koma paa Tinget, og ein av dei ivrigaste Høgremennerne i Kristiania hev sagt, at han helder vilde hava ein Vert av eit fælt simpelt Slag enn Professor Aubert til Tingmann.
           
Høgre hev fyrr gjort Gjøn med dei, som var ivrige i Politikken. No fører Høgre Politik inn bland Offiserarne, Lærararne, i kvart Hus i Landet og skipar politiske Samlag i kvar By og Bygd.
           
Høgre hev allstødt klandrat Vinstre, fyr di det var slik Mannstugt og Samhelde bland dei; men no ser me, korleids dei fleste Høgrebladi ryk paa Fædrelandet fyr di det vaagar seg til aa hava ei Meining sjølv, og Samhelde millom Høgre i Stortinget hev voret betre enn millom Vinstre.
           
Fyrr lastad Høgre Stortinget, fyr di det var so hardt til knipa paa Skillingen. Daa det ikkje hjelpte, so hev Høgre no teket paa aa skjella paa Stortinget fyr di det øyder upp for mange Pengar.
           
Fyrr hev Høgre blaaset i Langeluren um Levebrødspolitikere og flakkande Agitatorar og slikt, som Vinstre dreiv paa med; men daa Høgre ingen Veg kom med det, so dreiv det sjølv paa med aa laga Livebrødspolitikarar (som A. B. Rustad, som no skal vera forsyrgt fyr Livetidi) og senda ut flakkande Agitatorar til alle Folkemøti.
           
So skreiv Høgre um, at Grunnloven ikkje var av 17de Mai men av 4de November og ein Kontrakt millom Folket og den svenske Kongen, og skipad Novemberforeningen til aa arbeida fyr den nye fagre Læra. Men daa Høgre saag, at det bar helder smaatt i Veg med Novemberforeningen, so fer det no til aa laga 17de Mai-Foreningar, med same Fyremaalet kann eg tru.
           
I Sumar fyre Valet skreiv Høgre um Myrmanns-Væsenet og talad um Lovløysa, Umfaring av Logi og mykje annat, som kunne vera sannt og rett nok. Men daa so Akershus-Valet kom, so sette Høgre upp umkring 800 dynddryppende Myrmenner til aa faa Sverdrup kastat. Daa so det ikkje gjekk, let Justits-Departementet taka upp Forhøyr yver Myrmennerne.
           
Fyrr hev Høgre kallat Vinstre fyr revolutionært og sagt, at Vinstre vil gjera Ende paa Grunnloven. No fyreslær det radikale Høgre mange Grunnlog-Forandringar og talar beint fram um Statskup og suspendera Forfatningi, setja de juridiske Distinktioner tilside og slaa Revolveren or Handi paa Stortinget. Det radikale Høgre er no openberrt revolutionært, og Vinstre vilde i Tilfelle maatta verja um Grunnloven med Vaapen i Hand.
           
Kann so nokon tru, at Høgre, som hev slingrat slik, hev ein stød, vitug Tanke aa gaa etter. Um 3 Aar vil det vera klaart fyr endaa fleire enn no, at Høgre ikkje er det Partiet, som skal raada fyr Norigs Framtid.
           
Høgre kallar seg fyr moralsk og Vinstre fyr umoralsk. Detta vil ikkje vara lenge. Det vonde hev alt teket paa aa gnaga paa Hjarteroti til Høgre, og det ter seg meir fyr kvar Dag. Høgre gjer no mangt, som kunne høva i Russland. Det vil spionera og forfylgja, og blygjest ikkje fyr aa vera ved det. Chefen fyr Artilleri-Brigaden hev bedet Artilleri-Offiserarne i Kristiania skriftleg segja fraa um, at dei ikkje er liberale. Berre nokre faa negtad aa gjera det. Ein Forfattar i Aftenposten segjer reint ut, at Styringi ikkje skal lata liberale Embætsmenner faa betre Embætte. Morgenbladet vil, at dei nye Høgre-Samlag skal kontrollere Almuskolelærerne og anmelde Misligheder for rette Vedkommende. Naar nu disse 17de MaiForeninger, segjer det same Bladet, hvori ogsaa Embedsmændene maa træde ind som virksomme Arbeidere og ikke som under Jaabækbevægelsen holde sig fornemt borte, har vundet et nogenlunde betydeligt Antal Medlemmer, maa man gaa videre i sin Virksomhed. Man maa, eftersom Tiden nærmer sig de næste Valg, inddele Bygden i Kredse, som faar hver sin Forstander, der skal gaa om fra Gaard til Gaard, tale Folk tilrette og virke paa deres Overbevisning (?).
           
Naar no alle liberale vert utestengde fraa Embætsvegen, so vert Embætsstandet ei Samling av Menner utan Meiningar, ein træl-lyndt Hop, som naar som helst vil gaa med paa Statskup. Og naar Embætsmennerne veit, at berre loyale og velsindede Embætsmenner kjem fram, so vil dei vera ivrige i Tenesta, gjera som Morgenbladet segjer, gaa um fraa Gaard til Gaard, skræma med Ufred, segja upp Laan o. s. b. og paa den Maaten verka paa deres Overbevisning. Naar no Embættsmennerne vert alle ihop Levebrødspolitikere og omreisende Agitatorer, skal tru so ikkje dei beste Bønderne kastar dei paa Dør, naar dei gjeng umkring fra Gaard til Gaard _ for til dessa hev Bønderne havt Fred i sitt eiget Hus. Kor som er kann ein ikkje lata slike faa hava Røysterett og annan politisk Rett. Det vil vera den visse Undergangen fyr Embætsstandet, naar dei gjer, som Morgenbladet segjer.
           
Det hev gjenget fort nedetter med Høgre ei Tid, baade i ytre Magt og indre Dygd.
           
Skal det halda slik paa i 3 Aar til, so fær det visst ikkje anten mykje Magt elder Moral aa skreppa av.