Modergleda.

[Del 3 av 3. Første delen]
 
(Eit Stykkje av ei utrykt Forteljing.)
                                   
 
(Slutten.)
 
           
Men utikring Klokka 1 vart Barnet urolegt att. Det tok til aa smaasangra, drog paa Munnen og smattad, og hadde slik ei Rikling i Pusten. Stundom skreik det villt upp og vart raudt i Andlitet og saag frammot Jonathan med øre Augo, som rengde seg. Daa dette ikkje vilde slutta att, maatte Jonathan vekkja. Helene drog ein Sukk so djup som ho skulde døy, og arbeidde seg upp or Svevnen som or eit djupt Vatn. So kravlad ho upp, reiv Svevnen or Augo og sette seg paa Sengekanten med Barnet paa Fanget. Ho gav det Dropar og bad halvt i Ørska for det til Vaarherre.
           
Det vart ei lang, svær Rid. Den stygge Hostingi, som ikkje kunde verta til Hoste, kom att kvar Stundi og skar seg gjenom den tunge Lufti som Rop or Helvites Pine. Aa Herre Gud i Himmelen, bad Helene, aa Herre Gud Fader i Himmelen hjelpe deg, vesle Armingen; aa Herre Gud hjelpe deg, som lid so uskyldigt! ho tok det uppatt liksom i ei Ørska; Jonathan sat og høyrde paa, og der sette seg ein Knute i Halsen paa han, som han ikkje kunde svelja.
           
Riderne gjekk paa i burtimot tvo endelause Timar. Helene tok no til aa beda til Jesus, og ho kavad og stridde og leid med Barnet sitt alt det beste ho kunde, men utan Nytte. Ho bad ikkje lenger um Frelse for vesle Gunda. Ho bad berre um, at ho snart maatte faa døy. Aa Herre Gud, kom og tak henne, aa Herre Jesus, kom og forløys henne! bad ho ut av si Sjælenaud, og nyfødde Taarer draup av dei raude Augo og rann nedetter Nosi i tunge salte Dropar. Men det gjekk Minutt etter Minutt, Minutt etter Minutt, og det vart fem Minuttar, og fem Minuttar til, og ti Minuttar, og eit Kvarter, og endaa eit Kvarter . . .
           
Og vesle Gunda laag og stridde og kunde ikkje faa døy. Ho hadde ei Rikling i Halsen, so ho stundom mest vilde kovna; fekk Dropar eit Par Gongar, men det nyttad ikkje. Og det var so vondt for henne aa svelja. Lat vera det, sagde Jonathan. Han prøvde aa trøysta Helene; dette kann ikkje vara lengje, sagde han; ut paa Morgonstundi døyr det, elder og fær det sova. Aa ho fær visst ikkje sova, fyrr ho søv den siste Svevnen, sagde Helene jamrande.
           
Utimot Klokka tri fekk Barnet ei fæl Rid. Det jammerskreik og kavad og leid so saart, at ein Stein kunde rørast. Jonathan kjende seg mest sjuk. Med eingong saag han, at Helene vilde siga i Uvit. Ho falmad i Andlitet, og Armarne seig valne nedetter henne, so Barnet vilde velta paa Golvet. Jonathan flaug upp og fekk Tak i baade henne og Barnet, heldt dei uppe, fekk med den eine Haandi fat i eit GlasVatn, som ho drakk av; sidan gav han henne Nafta. Han tenkte med seg sjølv, at no skulde Toddygutarne sjaa han, men sjølv kunde han ikkje læ. Snart etter vart Barnet meir stilt. Andlitet var ikkje so blaatt og stygt som fyrr, snarare gult, men i Lampeljoset vart det gule bleikt. Jonathan tok til aa tala um, at no fekk det kanskje sova ei Stund, og so vaknad det styrkt i Morgo. Men det var den Riklingi i Halsen, og so dei Augo, som var so øre og underlege og med denne sjuke Sveitten ikring; Nosi var ikkje helder som ho skulde vera, litt kvass aa sjaa til, og Munnen smattad og smattad. Helene sagde ingenting. Berre ender og daa kom ho ramsande med sine rædde Bøner: aa Herre Gud, lat henne sleppa no, aa Herre Jesus lat henne ikkje lida lenger! _ Jonathan hadde aldri livt so lang ei Nott.
           
Han gjekk burt og lagde i Omnen her var ikkje varmt nok. Helene tok til aa snakka um Doktaren. Det vilde væl ikkje nytta stort; men det var altid godt aa vita, at ingenting var forsømt. Men daa Jonathan baud seg til aa gaa, sagde ho, at det vilde vera so fælt aa vera aaleine. I det same skreik ho hardt upp: Aa! sjaa! ho vert svart! hjelp meg! døyr ho? svart! blaa! Aa Herre Gud Fader . . .
           
Jonathan flaug til og maatte halda henne uppe. Han saag Barnet i Andlitet; det var kolblaatt med open Munn og uppspilte, skræmde Augo, som brast. Det var Dauden. Faa att Augo paa det! kvesste han i, og Munnen! Dette hjelpte henne. Ho fekk Magt yver seg sjølv; ja! ja! sagde ho, og prøvde aa gjera som han sagde. Men Augneloki var alt stive, og han maatte hjelpa henne. Daa Munnen gjerna vilde hengja uppe, fekk han i ein kvit Lommeduk og batt ikring. Er det altso _ ? spurde Helene, liksom ho ikkje torde tru det. Ja, no er det slutt, sagde han, tok det vesle Liket ifraa henne og lagde det burt i Sofaen.
           
Men Helene tok til, halvt graatande, halvt jublande, aa takka sin Gud for, at han hadde teket den vesle til seg. Og aldri hev det voret songet eit meir hjartelegt Farvæl yver eit Barns Hel-Seng enn dei øre, fortryllte Ordi, som denne arme syndige Tenestgjenta ørskad fram yver det daude Lausbarnet sitt. Ho gav det Kjælenamn av alle Slag, priste det sælt, fordi det hadde sloppet; so gav ho seg til aa tala i Barnets Namn med eit dumt, lespande Barnemaal, og sagde, at no ska dei ha Takk for meg; no er eg væl fari; no skal eg ikkje verta sett ut til framande Folk og lida vondt; no hev eg det godt, Mamma mi, _ og so greet ho, men so sælt og forløyst.
           
Jonathan stod og saag paa Liket; so vakker som ho vert! sagde han, Andlitet hadde med eingong kvitnat sterkt og var no rolegt og reint. Aa, eg hev altid voret vakker eg, lespad Helene for Barnet sitt. So vart ho endaa ein Gong teki av ein svær Graat; men midt under Graaten takkad ho paanytt sin Herre og Gud, som hadde frelst den vesle ut or Verdi. Han hadde gjort væl baade mot Barnet og mot henne. Ho hadde voret so sorgfull yver det, at det vesle Barnet alt no skulde ut til framande Folk; ja ho hadde syrgt meir yver det, enn ho syrgde yver si eigi Ulukka; _ men no skal eg sleppa, heldt ho fram i Barnemaalet sitt og gjekk burt til Liket; no hev eg komet heim til Vaarherre og er ein liten Engel som alle dei andre smaae Englarne . . . Stakkars vesle uskyldige, so hardt som du maatte lida!
           
Ja, no fær De sjaa aa faa Liket stelt og klædt, sagde Jonathan, han var halvt rørd og halvt kjeid. Hev De varmt Vatn? De maa vaska det, fyrr det vert kaldt, ser De. Ja, ho hadde varmt Vatn; det stod paa Omnen og skulde voret brukt i Morgo. No fekk ho det annt med aa stella med det vesle Liket og vart meir og meir seg sjølv att. Men eit Par Gonger spurde ho, um det daa var visst, at barnet var sloknat. For slik som det no laag, ljost og rolegt, saag det ut som det sov, og som det kvar Stundi kunde vakna.
           
So klædde ho Liket i den nye Daaps-skjorta, som ho hadde saumat paa med so mange urolege Tankar. Ho hadde ikkje tenkt, at ho skulde faa slikt Bruk for det Plagget. Og aldri hadde ho tenkt, at det fyrste Liket, ho skulde kom til aa klæda, skulde vera hennar eiget Barn, sagde ho. Men daa Liket fekk Skjorta paa seg, vart det so fagert, at ho vart reint glad. Ho lagde dei smaae Henderne ihop vyer Bringa paa det, rettad paa Hovudet, som laag litt til den eine Sida, og so sagde ho: Sov no i Jessu Nam. Men til Jonathan sagde ho: det gjer væl det same, um det ikkje fær Salmebok _? Jonathan nikkad. So tok ho ein kvit Lereftsduk og breidde yver Liket; men ho stod ei Stund og saag paa det, fyrr ho breidde yver Andlitet.
           
So Gud skje Lov og Takk! sagde ho; ho hadde Taarer i Augo; men Andlitet lyste.