Trengst det nokon Lov tru?

Ein Prest er ute i Nordmanden for 10de Januar og skriv um det norske Maalet. Han vil mana nokon upp til aa setja fram forslag i tinget um å få norsk skule. Gjer ei lov, segjer han, som klårt og greitt seger, at barnet skal begynna med aa lesa det mål, som ligg barnet nærmast, at norske barn skal begynna med at lesa det norske mål.
           
Etter det eg trur, kann ein visst koma langt berre sjølvhjolpen au endaa i detta. For det stod i Fedrah. for noko Bil sia, at dei alt hadde teki i Bruk ABC-Boki hans Austlid i Skulen i Kvitseid og Laardal i Telemark. Det skulde vera Skulekomisionen, som hadde godkjennt ho. Eg hadde tenkt det fyrr, at det var berre dei Bøker, ein kunde bruka i Skulen, som var gokjende av Departementet, men so vart eg var dette. Er det berre dei høgre Lærebøkerne, som det trengst ei slik Departements-Gokjenning til for aa faa bruka kanskje, so at med ABC-Bøker kann ein stella seg som ein vil, hell er det daa kanskje fritt for alle tru? Dette hev eg inkje Greide paa. Men meld um dette, kos det er laga, den som meir veit. No med ABC-Bok, er det so, at det er fritt med den daa, so undrest eg au paa, at eg inkje hev høyrt Spurlag um, at ho er innførd andre Stader denne norske Boki, som attaat er so go, at det inkje finst Maken her. Slike Bygder som Seljord og Vinje og Fyresdal, som au skulde hava Ordet for aa vera gjæve og framhuga Bygder i Maalvegen, eg hev inkje frett noko slikt fraa dei. Og no i Gudbrandsdalen, paa Trondheimskanten, i Valdres, og i Hardanger, um det gjeng an, kva drygjer dei so etter. Hell hev dei alt innført ho, burde dei melda ifraa, so den eine Bygdi kom til aa draga den andre etter seg, daa skulde ho snart verta aalgjengd Boki meiner eg.
           
Er det no so daa, at Bøkerne hellest maa gokjennast, um me daa au fyriaat kann tenkja oss, at dei inkje vil gokjenna dei paa Norsk Styringi, endaa det er inkje endaa fullvisst det, etter det me saag, at dei var utruleg beinksame ved Bibelumsetningi _ so trur eg det er inkje ein Lov det fyrste me treng; det maa vera undagjort mykje Arbeid fyrst. Me maa hava sett ihop Lærebøker i alle Greiner paa Norsk fyrst, som er so fullgode baate etter Grunnarne og etter Maalet, og høvelege aat Skulen, at ei nokoleis rimeleg Styring maatte gokjenna dei. Daa fyrst, soframt ho endaa inkje vilde det, daa kunde me ganga til Stortinget og bea dei taka i og hjelpa oss med ein Lov. Fyrr trur eg snaut, at me høveleg kann krevja slikt. No maa me arbeida sjølve fyrst, so langt me vinn, Bygdefolket med aa mana upp Skulekomisionarne sine, Lærararne med aa øva upp Maalet til sameleg Skulebruk og dei skriveføre med aa faa i Stand goe Bøker.
           
Me kann sanneleg gjera mangt endaa sjølve, men me maa taka i, me maa arbeida. Det gjeng inkje av seg sjølv, som mange tykkjest tru no, fordi det hev komi so godt paa Veg.
           
Eit anna segjer Presten, som me au no meir kann krevja paa au no, og det er ein Lov, som klårt og greitt seger at på seminaret skal lærast landsens mål, det mål, som bibeln held på at koma ut i, og at alle på seminariet bør få kennskap til det gamalnorske, forat kunna gera seg sjølvstendig meining um dei mange målføre i landet og deira forholl til det normalmål, som vil gera seg geldande i skrift. Dette hev alt vori framhavt i Stortinget, og me fær vona, at det snart vert gjort Greide som duger, med det. _                                
 
S _d.