"Gjengangere".

[Del 1 av 2]
 
Motto: Ak, naadige Gjenganger,
            I kun en Klokker fanger.
 
 
I siste Heftet af Nyt Tidsskrift stend det ein liten Stubb or ein Redaktions-Artikel i Luthersk Ugeskrift, som serleg er verd aa leggja Merke til millom alt det rare, som det ser ut til finst i detta høgkyrkjelege Organet. Stubben lyder soleids:
           
Men, _ om end ikke idealet er denne konstitutionalisme, der gjør kongedømet til et blot symbol, og det ikke engang et symbol paa det guddommelige princip for statens orden og autoritet, men paa den samlede folkevilje, . . . . saa er dermed ikke dommen fældet over al konstitutionalisme. Dersom man i den guddommelige verdensstyrelse tør se det urbillede, hvoraf den kristelige stat skulde være et afbillede, saa har man . . . . i forholdet mellem Guds umiddelbare styrelse og de af Gud satte naturkræfter og naturlove den mest adækvate grundtype for forholdet mellem de konstitutionelle statsmagter . . . . Ligesom den evangeliske kristendomsopfatning formaar at erkjende ogsaa den gjennem naturlovene formidlede verdensstyrelse som udtryk for Guds i skabningen raadende vilje, . . . . saaledes kan den anerkjende ogsaa de myndigheder, der er udtryk for den i folket levende retsbevidsthed, som myndigheder af Gud.
           
Det er liksom eit Mammutdyr elder eit annat Styggebeist fraa Fornheimen kom ruggande uppetter Karl Johans Gata, naar ein les slikt: Luthersk Ugeskrift er ikkje mot al Konstitutionalisme, det held ikkje heiltupp paa Einveldet. Det vil ikkje beintfram preika Upprør mot den norske Grunnlogi, men det gneg paa Roti til Fridoms-Treet vaart, liksom Nidhogg og mange Ormar paa Yggdrasel.
           
Me skal faa Lov til aa hava Stortinget, men det skal ikkje hava Magti fraa Folket, men fraa Kongen. Liksom Gud hev skapt Naturkrafterne og Naturloverne, soleids skal Kongen innsetja Stortinget. Liksom Gud kann, naar han vil, stoppa Soli i Gibeon og Maanen i Ajalons Dal, elder kann stagga Stormen paa Tiberias, soleids skal Kongen kunna stoppa Stortinget. Detta lyt vel vera Meiningi med, at ein hev i forholdet mellem Guds umiddelbare Styrelse og de af Gud satte naturkræfter og naturlove den mest adækvate grundtype for forholdet mellem de konstitutionelle statsmagter. Etter dei av Gud satte naturkræfter og naturlove sviv Soli og Maanen rundt fyrutan Stans, og Stormen ryk paa Tiberias etter dei same naturkræfter og naturlove; men ved sin umiddelbare styrelse kann Gud stoppa dei. Soleids vil Luthersk Ugeskrift det skal vera med dei konstitutionelle Statsmagterne.
           
Detta er vel ikkje langt fraa aa vera Spott med Trui. At Luthersk Ugeskrift held paa det absolute Veto, tarv me aldri tvila paa. Her ser me Sagens Natur so reinsmakande, som ein kann ynskja seg.
           
Luthersk Ugeskrift er ikkje mot al Konstitutionalisme, men slik Konstitutionalisme, som Ugeskriftet vil hava, finst ikkje paa Jordi. Den engelske er heiltupp av Develen, soframt Ugeskriftet hev Rett, for der er det den Statsmagt, som svarer til naturkræfterne og naturlovene, som raader fyr, kvat Slags Styring det skal vera. At Parlamentarismen er imot Guds Ord, segjer Ugeskriftet med reine Ord. (Sjaa Nyt Tidsskrift S. 618 øvst paa Sida).
           
Den norske Grunnlogi vert og imot den heilage Skrift, for etter vaar Grunnlog er Stortinget ikkje ein Avglans av Kongen, men Folket er gjenom Stortinget Upphavet til all Magt og Husbond i Huset. Stortinget kann gjeva Loger, Kongen uspurt, og Logi er nokot, som me alle skal lystra. Loyal er kvar god Borgar, og loyal vil segja, at ein lystrar Logi. Av Grunnlogi hev Kongen fenget si Magt, og Kongehuset er valt av Stortinget. Vart Grunnlogi suspenderat og Stortinget heimjagat, hadde me ingen Konge, for daa var Upphavet til hans Magt burte, og all Magt var daa gjengi attende til den upphavlege Roti fyr all Magt her i Landet, til det norske Folket.
           
Men ikkje kann Ugeskriftet vera nøgt med Einveldet helder, slik som det var fyre 1814. For Einveldet var bygt paa Folkeviljen. Fyre Einveldet vart innført, hadde Norig og Danmark eit Valkongedøme, som sjølvsagt berre studde seg paa dei veljande. Sidan gav Riksdagen i 1660 Kongen Magti som Arv, og Adel, Presteskap, Borgarar og i Norig Bønder skreiv under Einvalds-Brevet. Kvat skulde desse Underskrifterne vera til, naar Folket berre var som naturkræfter og naturlove innsette av den andre Statsmagti og i Røyndi ingi verkeleg Magt hadde? Vert eg Skrivar elder Fut, fyr di um Per elder Paal set Namnet sitt under ein Bestalling fyr meg?
           
Det var paalagt Einvaldskongen, at han skulde høyra til den lutherske Kyrkja, bu i Riket, og at han ikkje maatte skifta sund Riket. Det var sjølvsagt fyr Folkets Skuld at det vart paalagt han, at han skulde hava same Trui som Folket, bu i same Riket som Folket, at han ikkje maatte skifta sund det Riket, som høyrde til Folket. Det var ikkje Gud, som paalagde han detta; for det kunne vera det same fyr Gud, kor han budde, for Gud er alle Stader, fyr Gud kunne det og vera det same, um Jæmteland var under Sverige elder Norig-Danmark, naar det berre heldt seg til Kristendomen.
           
Ikkje Einvaldskongedømet, som me hadde det fyrr, kunne vera Ugeskriftet tillags, ser me, endaa det var det mest einveldige i Europa etter det tyrkiske og russiske. Det lyt vera eit Einvaldskongedøme fyrutan nokot Paalegg, heiltupp skilords-laust; for ein sann Konge, som Ugeskriftet vil hava det, kann ikkje taka mot Paalegg av eit Folk, som berre skal lystra. I Ugeskriftets ideale Rike der kann Kongen gjerne vera Heidning, gjerne bu i Kina, um han vil, gjerne selja Undersaattarne og Riket vil Kong Kalakaua, og gjerne kann han setja Redaktøren av Luthersk Ugeskrift paa Bastillen, soframt Redaktøren hev Pengar tilgode av ein av Venerne til Kongen.
           
Og so skal der vera ei Stænderforfatning og raadgjevande Stænder-Riksdag. Men daa me ikkje hev Stænder dessverre, so lyt Folket fyrst artikulerast. Denne Artikuleringi kjem vel daa til aa vera slik paa Lag:
1.      HANS MAJESTÆT KONGEN.
2. Præsterne.
3. Adelen. (?)
4. Grossererne .
5. Borgerne.
6. Haandværkere og Bønder.
Ugeskriftet vilde vel ikkje lika ei liberal Rangforordning liksom den i Potu:
1.      Dei, som i vanskelege Tider hev hjelpt Riket med Pengarne sine.
2.      Dei, som tener Staten utan Løn.
3 og 4. Bønder.
5.      Dei, som hev grunnlagt Fabrikkar.
6.      Handverkarar.
7.      Filosofar og Doktarar, baade Karar og Kvende.
8.      Kunstmenner.
9.      Handelsmenner.
10.  Hofbetjentar med 500 Rupatar i Løn.
11.  Hofbetjentar med 1000 Rupatar i Løn.
 
Denne vilde nok høva betre med Tidi, men som sagt, Ugeskriftet vilde vel mislika ho.                      
( Meir.)