[I den namngjetne Skilsmaalsaki...]

I den namngjetne Skilsmaalsaki millom Fru Muus og hennar Mann er no fallen Dom. Fru Muus fær Skilsmaal fraa Mannen, som skal bitala henne Fedra-arven hennar, 2575 Dollars, og i 10 Aar skal han desutan bitala henne 150 Dollars fyr Aaret. Fru Muus hadde havt ei Sak med Mannen, og ved Dom fenget utbetalat ein Part av Fedra-Arven. Resti er det daa ho hev fenget no. Dei umynduge Borni verta standande under Mannens Verjemaal.
           
Pastor Muus hev voret den norsk-amerikanske Synodes store Ljos i alle Læretrættur. Han hadde i Synoden ei Stelling, som helst kann svara til ein Bisp hjaa os, og var ein av Synodens Styttur.
           
Han hadde um Ægteskapen den Trui, som han segjer er heile Synodens, og som i denne Muusesaki hev fenget Stempel som Synodens, _ at Kvinna skal lyda Mannen utan Kny i alt det han byd, som inkje er plent Synd daa. Frua meinte, at Kvinna daa vart so godt som Træl, og at ho væl torde ha ei Meining um ymse Ting, som Mannen var ueinig i utan at han kunde forsvara i alle Høve aa truga henne plent etter hans Vilje. Presten vilde daa inkje lata Kona si faa gaa til Alters og vilde ha henne utstøytt or Kyrkjelaget som Satans Barn. Han var kald og hard mot henne. Han fekk med Løynd og List Borni tekne or Heimen, og sette dei burt til ein Granne; fyrdi, sagde han, det gjekk inkje an aa lata dei veksa upp der Mori var.
           
Hellest syner Vitnemaali, at det hev voret Uvenskap. Mannen gjorde si Pligt: han bar yver med den stakkars Syndaren, og tykte han gjorde væl i mange lange Aar i denne Heimen; og det hev især røynt Frua, som hev fenget tigja og træla under Mannens Jarnhand, til ho saar og sundrivi i Hugen trudde det var best aa lata han sleppa bera yver lenger.