[Storthinget hev drygt lenge iaar...]

Storthinget hev drygt lenge iaar med aa laga seg til, det hev voret isaman alt yver 14 Dagar, og det kann inkje opnast fyrr idag, men forseint til at me kann melda um det. Det er Granskningi av Vali, som hev teket slik Tid, og daa mest Kristiania- og Skiensvali. Dei andre er godkjende, men um desse tvo hadde ho mykjet Arbeid Fullmakts-nemndi, som dei hadde sett til med dette. Bang var den einaste, som vilde hava dei ogso godkjent med det same. Nokre vilde helst det skulde gjerast um att. Men Fleirtalet vilde faa Saki utsett, til dei kunde faa Vissing og meir Vitende um ymse Ting, hellest var dei og samstelte um det, at det var gjort store Mistak, soleids med det, at dei inkje hadde skrevet inn alle i Manntalet, men faret ulikleg aat, so mange inkje slapp til aa røysta, og at dei inkje hadde latet sjølve Veljingi hell ganga rett so dult, som ho skulde, og at dei negta Folk Røysterett, som maatte vera viss etter Stortingsavgjerder. _ Ved Skiensvalet fann dei au, at det hadde vortet lagt slik Klem paa Folk, at det maatte vera tvilsamt, um alle hadde kunna røysta fritt og unagga.
           
Det vart Ordskifte i Stortinget um dette Onsdagen og Torsdagen; og det vart til det, at det skulde setjast ut, til dei fekk betre Greide paa det, men soleids likevæl, at Tingmennerne fraa Kristiania og Skien skulde faa vera med baate i Tale og Røysting, til dei fær sjaa, korleids det kann ganga.
           
Dagbladet og Nordmanden meiner, at det er inkje verdt aa faa umattgjort Kristianiavalet, for endaa um det kann hava gjenget ulovlegt til, so vilde det inkje hava gjort noko paa Utslaget likevæl um det hadde voret retteleg gjort, og at det berre er i so Tilfelde, dei bør støyta um Vali, soleids som Skikken ogso hev voret fyrr. _ Men Verdens Gang stend fast paa det, at det endeleg maa gjerast um, det gjeng aldri an slikt.