[Um Dagbladet hev det no voret ymse Laat...]

Um Dagbladethev det no voret ymse Laat, etter at Bætzmann hev teket det. Dei tykkjest ymse, at det hev spakna hosta av mot fyrr; Fædrelandet tek dette til Bate for seg og Millomhopen, og Verdens Gang grustar seg fælskleg mot det. Det tottest nok ogso sviva noko underlegt fyrststundes, so krokeleg og vridet, at ein mest inkje kunde vita, kva ein skulde tru. Jamvæl det norsklyndte Dagens Nyheter i Stockholm tok til aa fæla. Men no hev daa Dagbladet svara paa dette greidt, at det vil halda paa 9de Juni det so trugje som nokon, og det er daa Meiningi til dei, som eig det ogso, so ein kann daa vera fulltrygg i so Maate. Og naar det stend paa den Grunnen og arbeider den for ei Løysning, som kann høva, so tykkjest det, at ein inkje kann hava so stor ein Rett til aa klandra paa det, at det fer fram med ei Gjerd, som synest meir spak og ettergjevi i ymse Ting. For det var ille, um alle Blad tok det plent paa same Maaten i alle Delar, daa vart det lite Liv og Veksling, ja Samarbeid ogso; den eine kom berre til vilja bjoda upp den andre til Fortrengsla, og Folk kom snart til aa faa den galne Trui, at det fannst ei Parti-Temjing, so at ein inkje kunde tora røra anten Armar hell bein utan som paa Komando. Men naar ein no kjem likesom kvar fraa sin Kant og paa sin Maate, og dei møtest i Storsaki likevæl, so er det baate til ei stor Trygd for dei ustøde, og det er til Uppriking for vaart politiske og sosiale Liv i det heile, som treng alle dei Muner, det kann faa, allvist no, daa Storstriden tøygjer Senarne so hardt paa den eine Sida.
           
For eit Blad aaleine er det raalaust aa verta Aalgjengt og godkjent av alle, um dei so og hev same Grunnsyn, for dei ymse Manna-Flokkaar dømer likevæl ut fraa sitt einast og kann inkje fullt fata, korleids andre kann koma dit paa andre Vegjer _ so at um eit Blad skulde fara etter dette og freista aa gjera alle slike Tenkjemaatar til Lags, daa vart det so flaatt og faafengt, at det vart inkje likandes for nokon. Det er fyrst naar kvart Blad fær snu og leggja seg paa den Sida, som det ligg best, at det kann gjera si Gjerd retteleg. Fyrst naar Vinstrepressa hev so mange Blad, at kvart kann vaaga seg ut og gjerna vera noko einsidugt kvar etter sin Natur, daa fyrst er ho fullstendeleg. Og no er me verkeleg so fløyge, at me torer gjera det. Eg skal berre nemna Bladi i Kristiania. Verdens Gang er ein Hoggar og ein Rivar i Politiken, som det er væl Trong um, allvist paa sume Stader. Det gjer stor Nytte i Politiken soleids, men var det inkje andre Vinstreblad ogso, so var eit slikt Blad fælt einsidugt. Nordmanden fer stilt og jamnt, og er meir smaalaaten, hengjer mykje Nytte, men var det han aaleine, vart det fælt einsidugt og til liten Mun. Dagbladet køyrer liksom i ei Husvogn med strame Tyglar og likar inkje Sprengen. Det er samaleids med det. Kvart av Vinstrebla di vaare no hev si serskilde Stelling, sine serskilde Folkekrullar med seg, sin serskilde Arbeidsmaate, eg trur inkje me hev anten for mange hell for faae, men som det høver.
           
Samfundet det er for Arbeidsmannen helst daa i Byarne, men og uti Bygdom, Fedraheimen helst for Fjellbyggen, og Verdens Gang for Utmannen, Dagbladet for Bymenn og Embætsmenn, Eigedomsfolk og Storingar, og Nordmanden for Bygdebonden. Verdens Gang er Oppositionsbladet hell Motbladet mot Regjeringi, Dagbladet fekk Heimehøvi etter meir aalmenne europæiske Synsmaatar, Samfundet sigtar paa Stellet millom Undermann og Yvermann, Nordmanden gjeng etter det, som det finn vera det rimelegste og greidaste ogso for det kristelege, Fedraheimen mæler etter Norskdoms Maal, stend hellest som paa ein Nut for seg sjølv og tek seg frami, kor det høver.
           
Var det berre Dagbladet, som var eit Storblad paa Vinstresida, so maatte ein krevja av det, at det plent skulde halda ei Førarstelling, som kunde høva Aalmugen baate i By og Bygd, so det berre foor etter ein sodan Jamne, men no hev me og eit Dagsblad til,
Nordmanden, som etlar seg aat Bygdefolket mest, og Verdens Gang er ogso so utruleg stor, at Dagbladet for den Sak Skuld gjerne kann leggja serskilt Vinn paa Byar og dei boklærde Folk i det heile, og um det daa talar noko meir paa Bokvis enn Vinstrebladi hellest er vante til, so kann det daa inkje gjera nokon Skade likevæl. Hellest hev Stilen vortet noko likare og no, enn han var fyrsstundes.
           
Det er godt ogso aa hava eit Blad, som kann møta Regjeringi i deira eigen Heim, i deira eigne Klædi.
                                              
  n.