Politik i Handelen.

Høgrefolket hev paa ymse Stader samstelt seg so, at dei vil inkje hava Handelen sin hjaa Vinstremenn. Er inkje so Vinstreflokken au samstelt imot, so dei hjelper sine med Handel, so kunde det verta til ymis Skade for mange.
           
So endaa meir i Byarne, allvist Kristiania, der det vert lagt ymse Mein, so det er vondt for ein Vinstrehandlar aa standa ved det han er. Men var me samstelte baate utgjenom Bygderne og her i Byen, so kunde me halda slike uppe baate i Makt og Mot.
           
Og inkje berre for Handlararne sin Del, men naar desse visste det var Samstelling um detta, so vilde det verta til Bate for Saki ogso paa ein annan Maate, med di at Vinstrebladi vilde faa meire Lysingar og soleids koma i betre Stand og Stelling, so dei fekk meir Midlar aa verka med. For naar Handelsmennerne skynar det, at Folk leitar i dei politiske Blad, som dei held, for aa finna ut, kven dei skal handla hjaa, so vil dei au hava Vitet til aa halda seg fram der med Lysingarne sine.
           
I desse Tider skulde det vera ei Skylda for alle gjæve Menn aa hjelpa Bladi sine fram, og paa denne Maaten krevst det korkje Evne hell noko større Viljesverk, det er berre eit litet Framtak, som skal til.
           
Det er det minste Krav, me soleids au kann setja Maalmennerne, at dei hjelper Maalbaldet vaart paa denne Maaten. Kaup difor helst hjaa dei Folk, som lyser i Bladet, og seg dei, at det er difor du kauper der.
           
Det Blad, som er det mest norsklynde næst etter Fedraheimen, det er Nordmanden.
           
Var det berre litevetta Samhald millom oss, so er eg stød paa, at me er so mannsterke, so me kunde rika desse upp utruleg i den Vegen, me skulde nok faa Folk til aa koma med Lysingar, so det inkje skulde verta Skort i so Maate.                   
 
n.