Tinget og Styrethev like stor Skuld i vaar politiske Strid, segjer Sentrumsmennerne. Baade Tinget og Styret hev faret gali. Dei bør difor freista aa semjast. Dei bør møta kvarandre paa halv Veg, som det heiter. Dette tyks vera baade fagre og vituge Ord, daa vist no naar Partierne stend med gapandes Kjeften mot kvarandre. Men i Røyndi er det likevel berre Tullesnakk og det av beste Slaget. Me veit alle, at Striden byrjad med det absolute Veto. Styret sagde den 16 Marts 1880, daa det negtad aa lovgjera Tingets Forslag i Statsraadsakje, at Kongen hadde absolut Veto i Grunnlovssaker. Det var endaa ophøiet over al Tvil, meinte Styret. Men Tinget hadde ei onnor Meining. Det svarad den 9de Juni same Aaret, at Kongen inkje hadde absolut Veto. Dette var Stridens Upphav. Sidan hev Styret gjengi vidare og vidare med Vetomeingi si. Det hev sagt at Kongen hev absolut Veto ogso i Bevilningssaker. Men Tinget hev kvar Gong svara nubbe Nei. Styret hev praktisera si Meining og Tinget si. Heile Striden sviv altso um det absolute Veto. Dette maa kje gløymast no, daa Striden skal endast. Svaret paa Vetospursmaalet er den rette Løysning av Striden. Og kann Partierne møtast paa halv Veg i Vetospursmaalet, so kann Striden endast med eit Kompromis millom Tinget og Styret, men inkje paa nokon annan Maate. Men i Vetospursmaalet kann kje Partierne semjast; for her hev berre ein Ret. Gjev Grunnloven Kongjen absolut Veto, so hev Tinget fari gali. Det hev daa heile Skuldi for Striden og bør gjeva seg. Men gjev kje Grunnloven Kongen absolut Veto, so hev Styret fari galet og hev daa Skuldi for Striden. Og det er det, som fær bøygja seg. Dette er so endefram, at det minste Barn kann forstaa det. Og det er klaar Vitløysa aa snakka um, at baade Tinget og Styret hev like stor Skuld i vaar politiske Strid. Og det er kje andreFolk enn Sentrumsmennerne, som kann segja slikk hell. Dei hev alstødt voret kjende her i Landet som nokre Raringar i Politiken. Og dette er dei nok enno. Og dei vil verta det og, solenge dei sviv i Sentrum.
           
Men kven skal so avgjera kven hev Ret, anten Tinget hell Styret? Jau det fær Høgasteretten gjera. Men Høgasteretten i politiske Saker, det er Rigsretten segjer Grunnloven. Det er difor ingjenting naturlegare, enn at Rigsretten ender Striden. Dei kann snakka so mykje dei vil um, at det er hardt og tungvinnt aa seta Statsraadarne fyre Rigsretten, det er likevel den naturlegaste og beste Maaten aa faa Ende paa denne ufyselege Striden millom Tinget og Styret. Den er best og naturlegast, avdi den samstavar med sjølve Grunnloven. Difor bør alle, som vil, at Rett skal vera Rett, vilja vera med paa Rigsretten som endeleg Domar i den politiske Striden.            
 
Hermod Hejmdal.