Brev fraa Asker Seminar til ein Skulelærar i Telamarki.

Du bad meg fyrr og reiste, at eg vilde senda deg eit Brev og fortelja, hoss i dei liver paa Asker; daa det var andre au som bad meg um det same, so veit eg kje betre held aa senda det i Fedraheimen, so gjerer eg det i ei Venda.
           
Du veit dei er av eit klenare Slag dei Skulelærarar, som ikkje hev voret paa eit Stiftsseminar. Eg er dessverre ein av dei. Eg tenkte daa, det skulde vera forvite aa sjaa, hossi der er laget. Eg heve no voret her ved Asker ei Tid, so eg kann fortelja deg litt um, hossi dei liver her. Seminaret ligg for seg sjølv med Skog umkring, so her er noko einslegt. Skulegutarne heve Kost og Hus her ved Seminaret og, dei bur alle saman i ein Bygning, der er det 4 og 5 i kvart Rom. Soleids liver dei her i 2 Aar; ein kann helst likna det ihop med Livet i eit Kloster. Alting maa ganga netupp etter Reglementet; naar dei 6 Timarne paa Skulen er ende, so maa ein inni Romet sitt aa læra Leksurne; soleids gjeng kvar Dag. Her er ikkje mykje Liv. Den Visa, som læt jamnast, er um hossi dei maa pugga: din Pugghest! det er Gut som puggar o. s. v. Strakst Skulen byrjad i fjor Haust heldt dei Ordskifte ein Gong i Vika; men dei maatte snart slutta, dei fekk for mykje aa lesa. Dei fær inn nokso mange Kunnskapar; men eg trur ikkje Tanken vert upptamt so mykje. Politik heve dei no ikkje Lov til aa røda vidare um her, utan dei vil halde seg til Fædrelandet, det er so uskuldigt det Fædrelandet, og nokre andre Høgre-Blad kann dei faa fritt; dei høyrer med i Innreidningi. Det er likvel nokre av Gutarne _ det er mest rart, dei torer _ som held Verdens Gang og Nordmanden og, i rette Røyndi so er det nok ikkje so mange, som held med Høgre. Til aa hjelpa fram det norske Maalet gjerer nok ikkje Stiftsseminari noko enno; dei hjelper nok held til aa tyna det. Paa dette Semianret er det mange ifraa Telamarki og fraa Vestlandet og andre Kantar, der dei talar god Norsk; men mest alle so heve dei lært seg av med aa tala sitt eiget Maal. Det kjem seg vel mest av det, at dei fær ikkje tenkja sjølvstendigt yver Emni; det er for liti Tid. Leksurne maa lærast utanat og, so fell det lettaste aa gjengjeva det i den same Formi. Det vet mykje noko aandlaust Knot; det skal vel so vera, men det er leidt. Naar Gutarne er ferdige fraa Seminaret og hev vant seg av aa tala Norsk, so skal dei ut paa Landsbygdi og halda Skule, og der skal dei bruka Bornis Maal, daa maa baade Evnen og Viljen vera god, um Loven vert etterfylgd. Det er ille at Seminari er so unorske og, det er noko, dei snart maa bøta paa. Det likaste av dei er vel Kvitseids. Der talar Læregutarne sitt eiget Maal og heve gjort so paa mange Aar. Likeins er det med Skulelærararne i heile Telamarki; dei talar alle Norsk allvist dei yngre daa. Men so er det Ulukka, at dei, som gjeng ut fraa Kvitseid no, lid so vondt for aa faa Postar; Stiftseminaristarne heve Yvertakje. Fyrr hev Telamarki bergjat seg med Seminaristarne fraa Kvitseid, og det hev ikkje so faa av dei reist ut til andre Kantar held. Men no heve det vorte annarleids, no kjem det inn fullt upp ifraa andre Kantar. Det trengst no, at Kvitseid vert utvida, so det kann standa ved Sida av dei andre Seminari, ellest maa det leggjast ned; men det trur eg, Telamarki tapar paa.   
 
Asker Seminar 26 _2 _83.
 
T. O.