Brev fraa Seljord.

Sundagskveld den 10de Februar heldt Seljord Vinstreforeining Fest til Fedrenes Minne i Skulesalen paa Bjørge. Salen var vænt prydd til Festi med Granbar og Flagd, og ein Bautastein av Papp var reist og bar Namni: Gambetta, Garibaldi, Fru Sverdrup, Fru Reimers, Biskop Moe, Biskop Schreuder og Maalar Wexelsen. Millom 50 og 60 Menneskjor var med. Ullmann heldt Festtala og talad for Gambetta, Fru Sverdrup og den døyande Novemberforeiningi; Aslak Haukom talad for Grundtvig og Vinje; Nils Skaar for Jørgen Moe; Jørund Telnæs for Ole Vig og Mannen, som hadde bygt Stova, Høgskulen var i; Nils Botnen for Garibaldi, for dei smaa Borni, som var gjengne fraa oss i det lidne Aaret, og for Eidsvoldsmennerne; Fargar Gundersen for Biskop Schreuder.
           
Inn imillom Talarne gjekk Songen livlegt; og eg trur, alle, som var med, hugnad seg mykjet i Laget.
           
Kommunestyret heve letet til Lesesal for Vinstreforeiningi, og der vert det no kver Sundag lagt fram Avisor, som Lemerne av Foreiningi heve Ret til aa ganga aa lesa.                        
 
n.
 
Jørund Telnes hadde skrevet denne Songen til Festi:
 
No hev me hera i Selljor fengje
Folkehøgskule som gott hev gjenge.
Me ynskjer at han maa halde paa;
Han kjem til vara, dæ vil eg spaa.
 
No held han Skule i Skrivargaren
Han Ullmann Bjørge den gjøle Karen.
Aa dit kjem Gutar so langt ifraa,
Som me fraa Skorve umkring kann sjaa.

Aa dit kjem Gjentur i store Flokkar
For Bjørge-Skulen han til seg lokkar
Den unge Gjente aa glae Gut,
som Gjeng mæ Voner aa lengtar ut.
 
Som elskar Heimen aa Fedraminni _
So vent dei raunar dei unge Kjinni,
som er so glae som Bon um Jol
For alt dæ vene innunder Sol.
 
Ja slike Gjentur aa slike Gutar
Dei vil me seta paa høge Nutar _
Dei vil me sende til Bjørgegar
Aa faa sin Arv ifraa Mor aa Far.