Ein national Tanke.

Dagbladet skreiv her um Tysdagen um Samferdslurne vaare, korleids ein helst burde fara fram der, med Arbeidet paa Vegjer og Jarnbanar. Det meiner, at ein skulde sjaa aat aa syta for, at det vert gjort Vegjer inkje berre langs Elver og Strender utetter til Byarne og By og By imillom, men ogso tverrleides og fjell-leides og dalamillom, alvisst her paa Aust- og Sudlandet, soleids som au Ferdsla for i gamal Tid etter dei utende gamle Vegaleider, som mange Stader syner.
           
Den Tid vart det minst faret etter dei djupe Dalar, det galdt berre aa faa seg upp paa Aasarne og til Heidar, so var ein berga, daa hadde ein fri Vegaleid, kor ein vilde.
           
Gudbrandsdølen hadde fyrr soleids mykje Ferdsleveg til Røyros, det bar beint gjenom villaste Rundom og tvert yver alle Bygder. Det var inkje meir enn ei snerti Dagsreis for Per Gynt, daa han for der paa Ski. _ Men no er den Ferdsla Ende.
           
Byarne hadde Pengar og meir Framsyn for seg sjølve, dei fekk sytt for aa faa Vegjer uppigjenom og drog soleids Bygderne til seg, kvar med so mange Aadrer, som han kunde.
           
Me hev for liti Greida paa aa døma um, korleids dette kunde hava seg for Landsens Handel og Vælstand i det heile, endaa me tykkjest au tru det, at det kann inkje vera til Baten berre aa hava ein By og eit Bygdelag soleids uløyseleg samanbundne liksom eit Æktepar. Allvist daa, naar Bygdi var som ein Sekkjedal, stengd og avvega fraa alle andre Stader, men Byen hadde sitt vidare Umsviv, daa var det visst inkje Bygderne, som stod seg mest paa det.
           
Men so i det reint nationale hev dette Systemet voret noko av det verste til aa arma ut Folket, med di, at Bygderne vart meir skilde fraa sine naturlege Grannar og vart dregne ihop med Utmenn og Byfolk, som dei inkje kunde jamt hava Vilkor og Hugmaal sams med, og daa greidt maatte faa ein Stur og liksom gjeva seg under.
           
Det er det me arbeider for, somer ein national Tanke: me vil sprengja dei tronge Bygder til alle Sidur, me vil hava det frie Umsyn, me likar inkje, at alt skal siga som Vatnet utetter Lægderne.
           
Me vil at Fjellbygderne skal halda seg ihop og vera samstelte baate i Hug og i Arbeid. Det er eit Byfolk. Me vil det ogso skal vera eit Fjellfolk, kor dei so bur, anten i Setesdalen hell Gudbrandsdalen. Daa fyrst skal det norske Maalet faa si rette Kraft. Daa skal ogso heile Folket eiga ein betre Studnad.
           
Det skal sannast Ordtøket, at gamle Vener og gamle Vegjer er gode aa attfinna.