Faarlegt Folk.

Um dei trur paa det sjølve, det veit eg ikkje, men det segjer dei jamt, at ho berre er gjord av Folk, som vil upp sjølve, denne politiske Rørsla no um Dagen. Slike Karar som Sverdrup og Steen og alle desse Folketalararne paa Vinstre-Sida, det er det, dei siktar paa anten aa verta Storthingsmenn, hell er dei det alt, daa aa koma endaa lenger. No høler dei daa for Mugen for aa hava ein Stige, som dei kann gaa paa, og naar dei so hev komi dit dei vil, kastar dei Stigen ned, so ingen skal koma etter, og so er det den same Avstand millom dei høge og dei laage som fyrr og same Naud og Klage som det hev vori.
           
Det aa vilja hjelpa Aalmugen fram, vert daa kalla aa hjelpa seg sjølv fram, det aa vilja gjeva Røysterett til nokre Tusund Menneskje vert det same som aa laga seg sjølv so mange Hjelparar og Veljarar, og soleids kann alt som sume Menn gjer, vridast um til aa koma av berre skire Eigenytten. Bondens farligste Fiende likar dei soleids aa kalla Sverdrup.
           
Nokor gjæv Framferd kann ein ikkje segja dette er av ein Motstandar; men det syner daa, at dei ikkje er som verst ukloke endaa. For dei kjenner Folket sopas daa, at dei veit dei er paapassuge i so Maate og skræmast unda straks, naar dei kann tru, at han heve noko under for sin eigen Del, den som fører Fridomsord paa Tunga. Dei veit kor lite det skal til for aa gjera Folk mistenksame og mistrugne. Dei kann ikkje vinna meir fyrr dei kann koma med Prov for sitt, men dei kann faa ein liten Støkk i Folk, og i denne Støkkjen vonest dei so faa Rom for andre Kilar au.
           
Det kann nok vera slike faarlege Folk av rette Slaget, allvist fyrr det politiske Livet og Umtanken hev slegi fast Rot i heile Folket, so det endaa fær sin Politik til Kaups av dei som betre skynar det, men her i Noreg trur eg, at sjølv i store og urolege Tider vilde det vera vandt for ein Mann aa koma slik fram, at det var til Skade for Fridomen, nettupp fordi me er so mistrugne og vil so altfor gjenne leita etter noko, som kann liggje under.
           
Eg trur Maalmennerne kjenner dette for væl fraa gamalt, naar dei kom upp i Bygdarne og taala um sitt, var det ikkje sjella, Folk sagde som so: Nei, nei no finn dei paa myki rart, du tener væl bra med detta! So at skal ein faa Folk med seg med ein Gong den som er ukjend for dei, daa maa ein hava ei Sak so god og greid med det same, og so stor, at Mannen, som ber ho fram, vert so liten, at han kjem burt, fordi Saki er so stor.
           
Me Nordmenn er soleids laga, at me vil vera noko-lite store kvar Mann, me trottar ikkje, at ein hell nokre faae fær Storleiken aaleine. Me vil hava vaare Meiningar fraa oss sjølve, og um det au tykkjest vera soleklaart, kor me hev fengi vaare Tankar ifraa, so er det snaut me vil standa til det for oss sjølve tesheld, men me trur, at dette er noke eg hev gjengi og funni ut for meg sjølv, og det er ikkje nokon Mann, eg vil gjeva noko større Takk for det.
           
Er det noko Lyte me er fri for, so er det det, at me ikkje forgudar vaare store Menn. Me kann væl vera med og ropa Hurra for dei _ iser naar dei er daude, so me er trygge mot dei, men au stundom, naar dei liver. Men jaumen fær dei ikkje ymse Avheidring i Løynd, der ein minst skulde tru det!
           
Me kann væl ropa Hurra for Sverdrup og Bjørnson, so det ljomar, men er det for dei sin Del det tru! Nei eg trur det er likso myki for vaar eigen Del. Me er uppglødde av Fridomshug til vaar eigi Sak og vil faa Luft for vaar Gleda. Me ropar Hurra og meiner Fridomen, men me nemner Johan Sverdrup, der me hev Fridomstankarne livande for oss, so me slepp, at dei vert hangande berre liksom upp i Lufti, som ingen kann kjenna hell tala paa. Me er ikkje gjenomglødde av Tanken, fordi den skulde vera Sverdrups Baan, men me ropar for Sverdrup, fordi han er vaar Tankes Førar. Mannen hellest i seg sjølv bryr me oss altfor lite um, det ser me, naar me skal opna Pungen for aa fri honom utor Pengesuti. Eg tykkjest vera sikker paa det, at um det au var ein Mann, som var myki meir folkekjær enn Sverdrup, soframt det vart set Visner til di, at han vilde hava seg for langt fram sjølv, so var det ikkje lang Stundi, fyrr han stod naken og reint for seg sjølv.
           
So Bjørnson. Ja kven maa ikkje ropa Hurra, naar han kjem lufsande, denne herdebreide, fæle gufsne Karen og gagar seg og rister med Hovudet, lyfter upp Mælet og velter iveg Braatankarne sine, so det fossar ikring deg, og det fløytest burt Veto og alt slikt i ein Fart _ me ropar fordi me vil hava eit Ord med sjølve; me gjer det ikkje som nokre Domsmenn, men me kjenner, at han talar ut av vaart eiget Hjarta, med vaar eigen Djervskap og Kraft, og me sannar vaare Tankar liksom med dundrande Slag i Bordet. Og eg tenkjer, at han tykkjest ikkje tala berre av seg sjølv daa, men som Ordførar for ei stor Forsamling. Ja det er den Stundi, men dei Stunder fær han dyrt betala etterpaa, naar det kjem baate Umsnakk og Kritik fraa ymse Folk.
           
Det er ingen Mann so stor her hjaa oss endaa, at han hev gjengi skotfri innafor sitt eiget Parti jamvæl. For attatil Fagnaropi, ligg Kritiken og lurar langt inne i Hausen som Reven i Hola si.
           
Dette er væl smaalegt mang ein Gong i vaare Forhold, og det kann vera baade Seinking og Meinking i det for mangt nytt og godt, men paa Lengdi er det daa eit godt Vern for Fridomen, og det er ei Verje, som held so lenge Folket vaart hev same Laget, og det trur eg vil vara lenge.
           
Men leidt nok er det for unge Folk allvist _ med Flogvit og Haus, som skal brjota seg ein Veg.
           
Me trottar ikkje rart, at unge Menn vil taka seg upp yver Mengdi og faa seg ein Stordom, me vert avundsjuke og freistar aa draga han attende alt me kann. Men denne Avundsjuken er berre god og sund, naar han er med Maate, han stend og ver Fridomen ved Portarne.
           
 
Stormannsvegen den er vond
og ikkje god aa ganga.
Bikkjune bit, og Ormane sting
og Stutarne stend og stanga.
                                                          
ts.