Fraa Stavangerkanten.

Det er ei Tid no, daa alle er nyfikne etter at høyra nokot fraa Hovudstaden, den politiske Slagmark, so kannhenda ei Brevsending fra Landsbygdom kjem til urett Tid.
           
Det som i det siste hev samlat Interessen mest um seg, er nokre Foredrag um Norge i 1814 af Cand. Frits Hansen. Desse tri Foredrag vart haldne i Forsamlingshuset Betania til Inntekt fyr naudtrengde Arbeidsfolk her i Byen, dei samlad fuldt Hus, og gav umlag Kr. 400.000 i rein Inntekt.
           
Utan at segja nokot meir um Foredraget, enn at det var livande kvikt og greidt, skal eg berre nemna at vaart konservative Blad Stav. Amtstidende hev kunnet tolka det til Inntekt fyr sine Paastand. Hr. Hansen er daa og av dei liberale Blad upmodet um at gjera Greida paa dette.
           
I Arbeidarsamfundet hev der sia Nyaar voret haldne Diskutionsmøder, blant annat um Folkehøgskulen og Arbeidararne og Arbeide og Kapital. At desse Møti er komne i Gang, hev nokre Lærarar størst Æra av, og dei hev og helst boret Diskutionen upp. Det var ynskjeleg um fleire ville vera med i den, den ville soleids verta meir alsidig.
           
Som Fedrah. fyr hev meldt, er Teiknelærer B. Hansen daaen. Dette var ein Orginal, ein Fagnamand, vida kjend og vyrd _ nokot hans siste Ferd bar Prov um. Men kannhenda han ikkje endaa var retteleg skynad _ at hans skarpe Tankje og vide Syn ogso med varm Interesse umfattad andre Sidur av Livet, enn det som i alt som er sagt og skrevet um han er komet fram. Han var i visse Maatar ein Sering _ hans Tankeflokar kunne stundom koma so kvasse og so fort, at det var kje greidt at fylgja honom. Paa Nedskrivaren av desse Linur gjorde han Inntryk af at vyrda og elska Arbeidet og Arbeidaren so høgt som eg hev set det vyrdt og elskat av nokon. Og slik ein fin Duft av Aand og Tankje han kunne leggja i det grovaste Arbeid og finna hjaa den simple Arbeidaren. Men han kunne og vera lynande kvass mot Tankeløysa og Fordomar, Sjølvgodleik og Dugløysa. Det var hans Stordom at syna Framande rundt paa sin vesle Bustad Tjensvold _ med sin Gammelsal Fiskeudklækningsanlegg, Treplantning og Hage, sine Graagjæser og Svanur _ de første som ere udklækkede i Norge. Og dette sagde han var Frukti av Tanke og Arbeid _ og naar han so liknad Resultatet han hadde vunnet ut av den vesle blaute Myri, han fyr nokre Aar sidan kaupte _ med det som kunne vinnast fyr Fedralandet i so Maate naar dets Hjelpekjeldur vart utnyttade so godt som han hadde gjort det _ daa kunne han drøyma so svimrande stort um Framtidi. Men Folket maatte vekkjast _ maatte arbeida.                   
 
- h.