Fraa den amerikanske Politiken.

[Del 4 av 4. Første delen]
 
(Brev til Fedraheimen ifraa Amerika.)
             
(Slutten.)
           
Daa Præsident Garfield i sine Embætsutnemningar inkje vilde gjera dei megtugaste Partihovdingarne _ framum alle den stolte Conkling _ til Viljes, braut dei med han, og det vart ein har Strid. Daa det netop var paa Principet um, at Embætti skal brukast til aa løna politiske Tenestur, at desse Partigangararne braut med Garfield, var denne Striden liksom etla til aa skaka upp Folk or Svevnom, helst daa Garfield var so avhelden av Folket. So kom det Bod um Snikmordet, og det slo det siste og tyngste Slaget: Den folkjekjæraste Præsidenten me hev havt etter Lincoln fall som Offer fyr Partipolitiken. Det var Slutningi, som Folket drog ut or det. Politikararne vart daa nøydde til aa fara meir varsamt fram _ men sin Partipolitik uppgav dei inkje. Systemet sat att likagodt, og etterkvart som Harmen hjaa Folket lagde seg att, tok det til aa syna seg paa nytt. Men Reform-mennernes Tal var daa vokset mykje. Ved Vali ihaust lagde dei gamle Partipolitikararne fram att plent som dei hadde gjort fyrr. Dei vyrde inkje aa draga Lærdom av dei siste Hendingar.
           
Dei spurde sine eigne Ynskje tilraads, let so Folkets Ynskje ganga si eigi Leid. Dei prøvde endaa eingong aa samla Folket um den gamle Partifana. Men Tropperna lydde inkje Kommando lenger. Der gjekk so mange ifraa det gamal-republikanske Partiet, at dei attstandande i fleire Statar inkje var nok til aa vega upp mot dei lyduge Demokratar. Det var Grunnen til den demokratiske Siger. Det var inkje fyrdi Demokratarne hadde vokset so mykje i Tal, dei sigrad, men fyrdi mange Røyster forlet den republikanske Fana og gjorde sin eigen Fylking um Menn, som dei trudde betre enn dei gamle Partimenn anten av det eine Slaget elder hitt.
           
Republikanararne hev no etterpaa Valet fyr so vidt skynat Tidis Teikn, at dei fleste av dette Partiet i Kongressen røystad fyr Umboti i Embættsstellet. Av Demokratarne var dei fleste mot, endaa Logi fraa fyrst var fyraslegi av ein Demokrat.
           
Denne Logi er daa den fyrste ærlege Freistnaden paa aa forbetra vaart Riksstell i denne Greini. Ho gaar inkje so langt, men Principet er der daa. Men det fær inkje gløymast, at det er eit lite Tal av Menn, som hev boret ho fram. Det er duglege ærlege og støduge Menn, det lyt me segja, men det er inkje Raa aa segja, at heile Folket endaa er med og krev Saki fult ut gjenomførd. Me fær vel venta ein lang tung Kamp, og tarv mange nye Utrøyningar fyrst. Det som gled ein sann Fridomsven i denne Saki er, at Landet hev fædrelandslynte Menn, som vil vigja seg til dette Arbeidet. Solenge me hev det, og solenge Folket kann vinnast fram til slikt Arbeid, um det enn gaar seint, hev me Trygd fyr, at me skal halda Fridomstreet vaart friskt og med god Vokster. Me gaar fram endaa. Seint og seigt gaar det, som det er aa venta det altid vil gjera i eit folkestyrt Land. Demokratiet er inkje av eit slikt villstyrigt stormande Lynde, som mange trur _ iminsto inkje det amerikanske. Eg trur me fær segja det, at fyr Mengdi av dei demokratiske Borgarar er det fyrste og store Spursmaalet deira personlege Vælvera. Dei ynskjer eit fredslegt, godt Liv, og sovidt mogelegt ein makleg Livemaate. Dei fær ei Mengd med smaae personlege Ynskje, som skulde uppfyllast, og det vert Striden fyr ein sjølv fyr personlege Fyremaal, som tek upp Folks beste Tid og Kraft. Folket gjev seg inkje so lett til storpolitiske Draumar og treng meir enn lang Tid til aa verta gjenomeldad av nyfødde Tankar. Radikalismen, Opvigleriet, som er slikt eit Spøkjelse fyr desse velsindede Borgere i gamle Landet, finn eit mykje betre Jordslag fyr seg i dei gamle europæiske Land enn her i Demokratiet. Men det er inkje sagt, at Folkelukka, som Demokratiet strævar etter, er betre aa naa i Braadskifte og Krig millom dei høgre aa lægre Samfunnslagi, enn gjenom det jamlege demokratiske Arbeidet. I Røyndi skynar vel Folket best si eigi Tarv.
           
14de Januar 1883.
                                              
i.