Gjenom Dalsland og Vestergötland.

[Del 7 av 12. Første delen]
 
(Framhald.)
           
Ved den vesle Byen Kongelf kløyver Götaelvi seg i 2 Greiner, so der vert ei Aa paa kvar Sida, av Hisingi, ei stor Øy, som tidt vert nemnd i dei gamle Sogor. Kongelf ser mindre og armare ut enn Trollhättan og vert kannhenda alldri nokon stor By, for han ligg for nær Götaborg. Det er inkje det same som den gamle norske By Konung hella elder Konghelle. Denne laag lenger ned med Sjøen paa den nordre Sida aat Elvi likso laglegt, som Götaborg naa ligg med den øystre Arm av Elvi. Konghelle var longe ein By i Olav Trygvasons Dagar. Her var det, han Olav høvde Sigrid Storraade og vilde faa henna kristnat, og daa ho inkje vilde, var det strakst ute med Friing og Elskhug, som nok aldri hadde voret stor, og han slo henna i Andlitet med Jarnhandsken sin. Sigrid vart sinnt og meinte, dette ein Gong skulde verta Banen hans, som det au vart. _ Sigurd Jordsalfarar hjalp fram Konghelle, so ingen Kaupstad i Noreg hadde meir Magt paa den Tid, segjer Snorre. Han bygde ein Kongsgard og sat lengje der fyr aa verja Landet. Ei fager Kyrkja bygde han au og let den heilage Krossen og Altarboki med Gullbokstavar, som han hadde fenget av Patriarken i Jerusalem, vera der. Framfyre Altaret sette han ei Tavla, som var gjord i Grekenland av Kopar og Sylv og fint gyldt og sett med Gull og Glimesteinar. _ Fem Aar etter Sigurd hadde andast, var der Hundahus i Konghelle. Fyrste Sundagsmøti i Paaskevika sleit Hundarne seg og bar seg so ille, at ingen kunde passa deim. Alle, som kom ut, vart galne og beit allt det, dei raakad, baade Folk og Fe, og alle, som vart bitne gjekk fraa Vitet. Slikt gjekk fyre seg mest kvar Nott lika til Kristihimmelfartsdag. Der var jamt og samt Staak og Braak. Ingen kjende til Hundegalskap; alle var raalause, dei, som skulde vera dei klokaste, var dei rædraste. Mange selde gardarne sine og flutte paa Landet elder til andre Byar. Kvitsundagen talad Anders Prest lenge og fagert um den Faare, Byen var i. Han uppmoda Folk til aa beda til Gud og herda paa seg, so den fagre Byen inkje skulde leggjast øyde. Likavel foor Skip etter Skip med Folk fraa Byen. _ Same Sumar kom den vindiske konge Rettibur med ei stor Her og herjad og brende denne rike Byen og tok med seg mange Fangar. I den Ufreden var det, Bonden Olve Myklemunn gjorde eit Storverk. Daa Herpilen kom til Skurbaage, som truleg laag paa same Staden, som Kongelf naa ligg, sat Olve i eit Lag. Han stod strakst upp, treiv Skjold, Hjelm og Øks og flaug avstad fyr aa hjelpa Bymennarne. 8 væl væpnade Vindar tok imot honom; men han drap 6; berre tvo fekk umryma.
           
Den brende Byen vart uppattbygd og gjekk iser fram under Kong Haakon den Gamle, som til Verja let byggja si Borg paa Ragnhildarholm i Elvi. Sonasonen hans, Kong Haakon Magnusson, let den svenske Hertug Erik, som var trulovat med Dotter hans, faa denne Borgi. Men daa der eit Bil var Kurla paa Traaden, so Trulovingi vart um inkje, neitad Hertugen aa gjeva fraa seg Borgi. Greive Jakob av Halland raadde daa Haakon til aa byggja ei Borg ovanfyr Hisingi. Der skulde ein betre kunna vera Herre yver Elvi og verja Landet. Nær den Staden, der Byen Kongelf no ligg, er der ei liti Øy, som heiter Elvebakken; ellest vart ho fyrr myket kallad Bogeholmen etter Garden Boge paa Nordsida av Elvi. Paa denne Holmen hadde der fraa gamal Tid voret haldet Ting, og her bygde Haakon eit Slott og ei Borg, som etter Holmen fekk Namn av Bogehus elder Bohus. Alvheim eller Raanrikje fekk au snart Namn etter denne Borgi og kallast enno Bohuslen.
           
Eg stirde lenge paa Bogeholmen og Berg og Bakkar derikring. Med gamle Minni i Hovudet kjende eg meg liksom heima her. Eg tottest sjaa Federne vaare sterke og friske i Aandi som i Haandi; eg ynskte, me maatte liknast deim og verta endaa betre.
           
Eg var inkje paa Hisingi; men eg saag mest heile Øyi og totte, ho var gild. Den staute kvitmaalade Bakka-Kyrkja lyste lang Leid. Det er merkjelegt med alle dei fagre Kyrkjor der stend i den svenske Bygdarne. Dette vert blandt Annat framsett som eit Merkje paa, at Svenskarne er eit gudelegt Folk. Det vil eg au i det Heile tru er sannt _ helst paa Bondebygdarne. I Byarne kann det vera meir ymist, endaa eg torar inkje segja nokot um deim helder etter det, eg hev sett og røynt.
           
I den svenske Kyrkje-Skipnad er der myket Godt, som torde vera verdt aa taka etter fyr oss. Eg skal t. D. nemna det dei kallar Husførhør. Kvert Aar gjeng Presten fraa Hus til Hus og prøver Unge og Gamle i Lesning og Kristendomskunnskap. Det er sjølvsagt, at ein dugleg Prest paa slike Ferder fær Tilhøve aa læra Folk myket og leggja deim aalvorlege Sanningar paa Hjarta. Paa slik Vis vert den kristelege Læræ inkje berre ein Lærdom fyr Skulen elder ein Barnalærdom, som gløymest, naar Borni vert framslupne, men ein Lærdom fyr Livet. Det Ordtøkje aa sleppa fram fyr Presten høyrde eg inkje i Sverige. Namnet Masjonen elder Konfirmationen høyrde eg helder inkje. Aa lesa fyr Presten heiter der Nattvardsläsningen, og daa denne Lesingi vert teket upp atter med vaksne Folk Aar etter Aar, paa Husforhøyr slepp ein inkje fram i Sverige. Tvertimot lyt eldre Folk Gong paa Gong møta fram fyr aa høyrast yver av Presten, og møta dei inkje fram, fær dei inkje gaa til Altars og reknast inkje fyr rette Kristne. Flyt nokon fraa den eine Bygdi til den andre, vert det strakst ved Betyg elder Vitnebrev upplyst, um han hev møtt paa Husforhøyr, og korleides det i det Heile stend til med Kristendomen hans. Det er trulegt, at desse Husforhøyr gjerer Kristendomen til ei Sak fyr Heimen og inkje berre til eit Sunndagsplagg, og at dei hjelper fram husleg Uppbyggjing elder Husandakt. I ymse Bygdar i Vestergötland høyrde eg, der um Summaren vart ringt med Kyrkjeklokkorne baade Morgon og Kveld kver Dag i Vika. Dei kallte det aa ringja til Bøn, og hermed meintest Bøn i Heimen.
           
Denne Framsleppingi hjaa oss er ei skrøpeleg Slepping. Som ei Slags Eksamensgreida set ho liksom den Stempelen paa Folk, at naa er dei kloke nok, naa tarv dei inkje læra meir. Dette er vistnok inkje Meiningi; men likavel vert det jamnaste teket so. Berre Gud gjev, eg kunde sleppa fram, so skulde eg inkje lesa for mange Gonger, sagde ein av mine Lesekameratar, og han kom fram med ein Tankje, som desverre nok rører seg hjaa fleire. Han var inkje god fyr aa læra den store Forklaaringi hans Pontoppidan (Sandhed til Gudfrygtighed osv.), Stakkar! og Lesingi var honom ei stor Plaaga. Kannhenda det var betre og høvelegare at Barn slapp med aa læra mindre uttanaat av slike tunge Bøkar, som de lid vondt fyr aa skyna, og at eldre og meir tilkomne Folk, som hev betre Vit og Forstand, laut læra nokot. Eg trur difyre, at dei svenske Husforhøyr, fortenar aa takast til Ettertankje.             
 
( Meir.)