Motskrift.

Hr. Bladstyrar! Eg hev nyleg fenget Tilhøve til aa sjaa ei Protest, som det kristelege Lægfolk i Vinje og Rauland heve sendt Fædrelandet imot Vestlandsposten, og som eg lyt faa Lov aa segja nokre Ord om.
           
Veit Du hot Omgripet kristelege Lægfolk inneheld?
           
Fyrst dei, som me med eit gamalt ord hev kallat lesarar, som hev havt ein Slags Upplysning i e i Retning, men hev jamnan voret mykjet eingjengde, og hev daavist aller havt noken Sans aa kalle fyr Politik.
           
Dernest gamel Politikkarar, som no er vurtne Bakstrævarar _ gjæve Karar fyr si Tid, men dei hev aller passa til Navnet kristelige Lægfolk d. e. Lesarar.
           
Endeleg ymise Folk, som det sannt aa segja er ei Skaam aa hava med paa ei so vore Protest _ fyst avdi dei slet ingjenting veit om det som Talen er om, og so lyt no den som kjenner dei segja, at det er underlege Kristne _ some av dei daa. Desse tri Slags Folk hev no sleget seg ihop og kalla seg det kristelige Lægfolk. Eg vil helst tru, at det betyr so myket som, at dei og deira Vener og ingjen annan hev Ret til aa kalla seg kristne. Det stend ialfald i godt Samhøve med Oprope til Kristendomens Venner i vort Land, som beintfram lyser Vinstrefolkje av Faavita _ men det er vel mange det fulli. Eg hev kji høyrt nokot politisk Parti siaa Cromvels Tid, som hev voret so frekt.
           
Lat oss so sjaa lite paa Protesti. Dei segjer, at dei inkje hatar Vetopolitikken. Elskar dei han daa? Hm! der stend inkje so. Dei ser med dyb Bekymring paa dei radikale Venstre _ ja og det er rimeleg, at dei hatar dei, men der stend inkje, at dei elskar det absolutte Veto.
           
Detta trur eg _ Hr. Bladstyrar _ er sannare, helld et ser ut til, og eg teke det millom myket anna paa det, at dei tore inkje segja det. Fekk sosannt Høgre Fleirtal i Tingje gjenom mange Aar _ Du spyr kje sannare hell, at dei kom til aa tyne det absolutte Veto dei likesovel som Vinstre.
 
A. Aslaksen Haugen.