Ragnhild Slettevoll.

[Del 3 av 6. Første delen]
 
(Forteljing av –bjørg.)
                                  
 
(Framhald.)
 
Den Jorvegjen, som Tone hadde ervt ette Far sin, heitte Hagjen. Han var inkje stor, berre ein liten Flekke, men so vælhalden og fin, at det var rart aa sjaa. Det laag so i Livd for Vind og Veer, og Aai rann so stilt og klaart der nære ved _det var so onalegt aa vera der. Tone ha’ det no so i Lag det ho drogst med, at ein maatte bli fegjen av aa koma inn til ho au! Gamle Folk meinte no so plent, der laut vera Tussehaugar, og at Tone var Govenir med dei, det var ’ki tvila paa, for ho var alli raadlaus for noken Ting. Tone let dei røa som dei vilde; ho var like vyrde og agta hor ho kom.
           
Hera var daa ho vesle Ragnhild no. Det var bare ein Fjordungs Veg fraa Slettevoll. Ho fann seg so godt fornøgd i Lag med Tone, dei passa so væl ihop au. Tone var so væl laga til kunna rettleide eit ungt Baan, og Ragnhild ville so gjønne læra. Ragnhild ha’ ’ki lengje vori hjaa Tone for ho kunne lesa, mest i ko Bok det var, og til meir ho lærde til størri Lyst fekk ho til det, so Tone var som ho fælte seg for Tor kunne bli sinna, men det fekk ’ki hjelpe. Ho ville at Ragnhild helst skulle fylgje sin eigjen Hug naar det gjekk ut paa det som godt var, og Tones Ynskje var at ho kunne faa hava ho hjaa seg til ho hadde gjengje for Presten. Dei hadde mange onalege Stundir isaman dessa tvo; om Kveldo, men Tyri loga paa Gruva, sat Tone og spann og vesle Ragnhild paa ein liten Stol innmed, og daa kunn Tone fortelja om sine Ungdomsdagar og om Mor til Ragnhild; daa lydde den vesle meir hell vani, naar Tone fortalde hos snild Aase var mot alle, og so frametter. So sa’ ho til Ragnhild at ho laut bliva ei slik god Gjenta som ho Aase var, og Ragnhild lova at ho ville bli god som Mor si. Om Tussar og Huddir kunn au Tone myki, so Ranghild fekk høyra noko av kvart. Ho fekk au læra av kvea og syngja, det var mangein som maatte stansa utfor Dynni paa Hagjen bare for og lya paa det, naar dei song. Ja det hadde vori godt om Ragnhild hadde maatt vori der til ho kunn paa ein Maate styra seg sjølv, for der hjaa Tone bleiv ho utvikla baate paa Lekam og Sjæl.
           
Paa Slettevoll var det endaa meir sturt og stusle no sea vesle Ragnhild ikkje var der, Tenaranne sakna ho so. Det var som noko verre hadde komi i Garen, for Tor tottest plent versne med Lonunne sine. Han var au burte so titt, og naar han daa kom att, var han endaa verre. Ingjen viste kor han helst kunn vera, for ikkje var han til Hagjen og saag til Ragnhild, han kom der alli. Ja hor kunn han daa vera? Ikkje umogleg han gjekk paa Friarveg. Folk tymta somen so ymist om det, men kor han daa sill kunna vera det kunna dei ’ki koma ette. Sladrekjeringarne kom no au til Hagjen og fortalde dette, so Tone kom i ei stor Uro for det sama, for hendte det, so maatte Ragnhild heimatte.
           
Tor ha’ gjenge lengje og tenkt og gruna, hos han helst sill stella seg, men no hadd han komi paa ein Tankje, og det tvila han alli paa anna det var det beste for baate han og Ragnhild. Det var nok Tors Tankje aa gjifta seg atte.
           
Austafyre Aasen laag ein tvo tri Garar; paa den eine av desse Garanne var tvo gamalvorne Syskyn _ Gut og Gjente. Dei livde ’ki onalege Dagar ihop desse tvo, ein kunn ’ki høyra kot Trættur jamt. Tileg ha’ dei mist Foreldri, so dei kom til raada seg sjølve, men dei sette daa ’ki til det dei hadde hell, for der sat ein Girugskap i dei baae, som var so stor, at dei snaut nentest eta mette seg. Guten heite Olav og Gjenta Kari. Folk kalla ho for det javne Kari Linka, for ho hadde slikt eit Lag at naar ho gjekk, so hadde ein løglege Linke med seg. Ho var eit adskjiligt Menneskje denne Kari, men ho var rik, so dytte det yvi det vonde ho gjore; men alli vart ho le-i nokenstad der ho kom, alli hadde noken Gute, om han laut vera av dei simplaste der gjekk i Bygdi, vilt havt ho. Eingong kom der ein Hestehandlare, og han laga seg som han ville fria til ho, narra so av ho mange Pengar og ville kaupe til Brylups, sa han, og ho var stuvi nok til aa tru paa han; men no ha’ ho venta paa han i mange Aar, og ikkje vart han til høyra hell sjaa. No hadde ho ikkje meire Von om han. Dei var svert ”smukke” naar der kom rike Folk til Gards, men kom der ein fatik, bleiv han jaga som ein Hund. Tenarar fekk dei alli til vera hjaa seg, dei maatte mest vera eine og trætte med seg sjølve.
           
Til denne Kari var det nok Tor gjekk paa Friing, og ho var nokso fjaag og glad kan ein vita, for ho ville alt for gjønne gjifta seg, og der kom ho til Gard og Eigedom so god som han fanst i Bygdi.