Tidender.

Kristiania, den 3die Marts.
           
Ole Weldeer daaen.
           
Han var fødd 1820 i Beitstaden. Han vart Stortingsmann 1859 og hev sidan voret med jamt alt til ifjor, daa han laut slutta, for han vart sjuk, det sette seg Illske i eine Foten hans, og den drog etter, so han rauk med no.
           
Han hev lagt sitt Arbeid inn i mange store Spursmaal, soleids Jurysaki, Statsraadsaki, Røysterettsaki og Løysing av kyrkjelege og religiøse Band, der han var meir frisynt enn dei fleste Tingbønder.
           
Det var ein djerv og urædd Kar, det var ein stø og trugen Bonde. Det var ein Trønder av rette Slag.
           
 
Det norske Samlaget hev lagt i Trykkjen Markus Evangelium, so det kjem ut, naar det lid paa. Det er umsett av M. Skard med Hjelp av Prof. Blix, Prest Belsheim og Ivar Aasen.
           
Andre Heftet av Vinjes Skrifter, som skulde vera komet ifjor, kann væl ventast med det aller fyrste.
           
 
Stortinget arbeider mest i Nemnderne sine no.
           
 
De gudelege Bla Fædrelande skriv gjølande um ei Gilda i Bedehuse i Hausmannsgata, aa um ei Tala, som me varme Or tala te Upbyggjing fyr Samlingjen. Men de gudelege Bla gløyme aa nemna Talarens Namn. Me som segjest aa forsvara de Vonde lyt hjelpa Blae me den Uplysning, at Talaren va Storthingsmannen Presten Oftedal. De æ væl paa Kristendomens Vegne Fædrelande kvie seg fyr at nemna ein Vinstremann me Lovord.           
 
  _ d.
           
 
Den franske Regjeringi hev ved ei Regjeringsbod sett dei franske Trunkrevjararne utav aktiv Tenest i Heren. Grunnen til den Raadgjerdi, var den, at Folket er vortet so uppøst yver alt det, alle desse Ættingarne av gamle herskarhus, kann tora gjera, og yver den Maaten, deira Tillhengjarar hev faret fram paa under denne Striden um Trunkrevjarlogi _ at det inkje kjenner seg rett trygt ved, at desse Trunkrevjararne skal hava høge Stillingar i Heren; dei kunde nytta desse paa ein faarleg Maate.
           
Det er inkje fleire enn tri Offiserar, som ho raakar. Daa denne Saki kom fyre i Tinget, var som ventande Kongsmennerne grove i sine Aagrip paa Regjeringi, men ho samlad um seg mest alle Republikanarar. Med ikring 400 mot 300 Stemmer vart Raadgjerdi godkjend.
           
Det synest den nye Regjeringi kann hava Von um aa faa Studnad i Tinget.
 
           
Stortingsmann Prest Sæmund Vik hev vortet sinnsjuk, so dei meiner, at Varamannen maa koma. _ Dei hev hyrgja ihop so mykje um honom baade fyrr, og no Hyrgjemeistararne her i Byen ogso, at det kunde leita meir nervesterke Folk, enn han var.
           
Den som skal vera Vinstremann i vaare Tider, han maa hava Hud so hard som Horn og Nervar som av Staal, skal han tenkja aa standa seg.