[Det er ei svensk Bok...]

Det er ei svensk Bok, som heiter:
           
A. B. C. D. Bok, Cateches, Räknelära, Interesse-Uträkning, Geografie, Historia, Bonde-Practica, Uplysning, Allmänna opinionen, Publicitie, Religion, Riksdagsmanna-Wägvisning, Opposition, Rabulisme, Representation, Finans-Recept och en ny Ärfda-Balk, af P. G. Andreias Lidback. Boki, som er paa 98 Sidur, er meint paa aa vera ei Lærebok i alt det naudsynlegaste, som Bonden treng um aa vita.
           
Av svenske Kongar nemner ho fyrst Fornjoter och hans Slägt intill Gylfe, som frivilligt afsade sig Konungamakten åt Oden eller Sigge Fridulfson, som anlagt Sigtuna Stad; sedermera dess Son Yngwe Tirkjakung etc.
           
Norigs Soga hev Lidback paa ¾ Side, og rieknar upp alle dei norske Kongarne so nær som Olav den Heilage. Norriges Geografi greider han paa 1/ 3 Side, og det vesle Stykket byrjar han soleids: Norrige, som numera, allt sedan 1814, hörer och lyder till Swerige, etc.
           
Eg veit ikkje um denne Boki hev voret brukat som Lærebok i den svenske Aalmugskulen. Det stend ingenting um, at ho er autoriserad.
           
At Forfattaren hev skrivet berre, som rett og sannt er, kann ein sjaa av andre Sida, der det stend med store Bokstavar:
 
Åt
Gud
och     
Menniskoslägtet.
Åt
Sanningen och Rättwisan,
af Författaren.
 
Boki er prentad Aar 1845 etter Kristi Fødsel. Kunne ikkje Novemberforeningen, som arbeider fyr sann og sund Upplysning, gjeva ut denne Boki paa Norsk?